onsdag 5. januar 2011

Etter-bilder

 Det er med lettelse eg kan vise "etter-bilder" av sy-rommet mitt. Eg tok grep, og rydda. Og no er det berre å halde det slik...
Det er ingen tvil om at det er mykje ryddigare å plassere ting i esker. Eg har skrive utanpå kva som er inni.

Den nederste kassa ( grønn) har eg alt som har med bryllaupet å gjere. Her er det mange gode minner.

I dei to store kvite oppå, er ei for kvart barn. Oppi den legg eg ting borna har laga, bursdagskruner, og andre ting som eg vil ta vare på. I tillegg har eg ein ringperm som eg samlar teikningar dei lagar i. Det er eit lettvint system, eg bare puttar oppi kassen etterkvart som det kjem heim, eller etter at dei har stått framme ei tid. Teikningar heng ofte ei tid på kjøleskapet, før eg samlar opp og set dei i perm.

3 kommentarer:

  1. Godt jobba,, Solveig! No skal eg ta meg på tak å gjera noko "fornuftig" òg.Du kan sei det sånn at her har vaskerommet for tida betegnelsen "bomberommet". Seier ikkje meir....

    God kveld til deg.
    Marian

    SvarSlett
  2. Ser bra ut!! :) Du kan få organisere litt hos meg og! :)

    God helg!

    SvarSlett
  3. Så koselig blogg du hadde! Bladde meg litt tilbake og ELSKAR dei strikka julekulene du har, hm..spørst om eg må smiska litt hos bestemor neste år ;-)

    Og ja, så flink du har vore å rydda! Eg har nokre slike prosjekt eg og :S Ein får ro i sjela med ein gong det er ryddig ;-)

    Ha ein fin dag!

    Maria

    SvarSlett