I dag har eg og gamle naboen vore på skitur til Myrdal. Vakkert.
Ei super tur-veninne.
Minus 19 grader, og flott utsikt til Gygrastol som bada i vintersola.
Det var ikkje temperatur for å stoppe noko særleg opp på denne turen. Vi hadde frost i augenvipper og måtte til tide puste med buff framfor ansiktet.
Ein flott tur, og følelsen etter at eg har teke ein dusj og tøyd ut litt ømme musklar det er ei stund sidan eg har brukt....kan ikkje beskrivast- den må kjennast!
I måro er det jobb, før venne-samling med god mat om kvelden. Gler meg.
Herlige bilder!!
SvarSlettÅ veldig sikker på at dåkke hadde en suuuper tur :-)
Klem AT
Så flott tur dåke har hatt idag! Eg kom meg ikkje lengre enn ein liten tur i "nabohagen". Fint det òg, men jammen var det kaldt! Ha gode dagar vidare, Solveig!
SvarSlettEr jo reine polfareren du! Nydelige bilder, så helt herlig ut, men tror nok ikke jeg hadde vært tøff nok til å tåle 19-....
SvarSlettEr imponert! :)