torsdag 18. oktober 2012

Eat pray love


To innlegg på ein kveld,
"no e ho i seget!"


I går var eg innom 
Jordbærpiken  sin blogg. 
Ho hadde lagt ut denne
"posteren" vi kunne printe ut sjølv.
Veldig fin!

Med gips og maling i huset, har eg brukt ein del av dei flotte tapàne
eg har kjøpt. Det er jo så lett å klistre opp
- og ta vekk igjen når eg er lei.



No heng den på veggen med klokka,
 sånn at eg er sikker på at eg ser den heile dagen.


Finaste kjøkkenet, med dei finaste lampane!

Ha ha ha, du trudde at eg alltid har så ryddig kjøkken, du! 

Ha ein regnfull og forblåst torsdag!
- da e da iallefall her -

Makramering


Kven hugsar vel ikkje formingstimane på skulen?
Der vi lærte å makramere!


Tanto mi har gått på makrameringskurs, ho faktisk! 
Der laga ho denne ugla.
Eg fekk den, då vi skulle dele minna etter besto mi.


Fin?


Både denne ugla og andre ugler,
eg kan nesten ikkje få nok.
Men kvar skal den henge?
Eg trur eg må tenke litt på det.

mandag 15. oktober 2012

Snart hundre tusen


I kveld vil teljaren over treff på bloggen,
bikka 100 000. Weeeee

643 blogginnlegg sidan starten i 2008/2009.
Bloggen har utvikla seg frå ein bryllaupsplanleggar,
til kvardagen til familien, til husbygging og innflytting,
og no mine interesser for interiør og andre kvardagsgleder.



Tusen takk til alle dykk som er innom bloggen min,
lese, ler, grine, humrar, kosar dykk og likar det eg bloggar om.




Eg feirar med bilder av dei nydelege Wik og Walsøe lysastakane
eg har unna meg.
( Eller, eg trur ikkje eg får lønn før utpå nyåret med  alt da eg unne meg...)

Desse kan du sjølvsagt få kjøpt på
Fredheim Blomster, og finns i fargane 
kvit, grå og champanje.

...og så drikke eg chai tea latte... ka e da for noko egentlig??
Smaka dårleg.

lørdag 13. oktober 2012

Morgenstund


er gull i grunn.


Vi søv ikkje frampå her hos oss.
Likar godt å få mest mulig ut av dagane.


I dag har vi hatt kaldheva rundstykker til frukosten.
Kva er vel eigentleg betre enn nysteikte rundstykker,
nytrakta kaffi og egg til laurdagsfrukosten?
Mangla bare ei nytrykt avis.
(Godt vi har internett då!)


Ugle serviettar kjøpt hos ho der flotta på Tilbods Husnes.


Mmmmmm, sunt og godt!


Mmmmmm, syndigt og utruleg godt!

Og her kjem oppskrift for dei som vil laga rundstykker til søndagsfrukosten:
1/3 pakke tørrgjær
4 dl kaldt vatn
1 ss sukker
1 ts salt
havregryn
kveitemjøl eller anna mjøl
sesamfrø
ev det du vil ha i.

Blandt det til ein passe graut ( litt som risengrynsgraut)
og la det stå over natta.

Form/klæasj dei nedpå bakepapir og steik på 215 grader i 15 min.
Lykke til!

torsdag 11. oktober 2012

Til pynt?


På interiørmessa i Bergen, 
kjøpte eg desse kule sugerøra.
Svart og kvit stripete.... sjokk.


Dei er bare til pynt,
seier eg til borna.
Ellers hadde dei vore oppbrukte på
sånn ca ein dag.
For det var ikkje bare eg som synst dei var kule.


Ny vase på kjøkkenet.
Stod til halv pris på den flotte butikken
Fredheim Blomster!



Der hadde dei og denne kule grønne greina.
Kva var det den heitte no igjen??

Vi har haustferie,
men det er ingen kvardagar som er så hektiske 
som feriar!

onsdag 10. oktober 2012

Arbeidsplassen


Her er den nyinnreda arbeidsplassen min/vår, 
og eg er så fornøyd.
Eg kjøpte ein kvitmåla skrivepult 
på den lokale facebook-gruppa, for 250 kr.
Den er understellet for arbeidsbenken, 
som er laga av to dører til Pax-garderoben
vi ikkje hadde bruk for.
Greitt med ein handyman i huset,
som lagar sjølv!


Den eine sida er til data og blogging.


Den andre til symaskina mi.


Forså-arbeidslampe frå Ikea,
som eg kan snu til begge sider.


Jepp, gode husreglar dette!


Så kan eg håpa på at eg får nokon gode timar her på arbeidsrommet. 
Planane manglar da iallefall ikkje på.





søndag 7. oktober 2012

Bloggtips


I dag vil eg tipse dykk om ein ny blogg her i blogglandia,
nemleg Baronivegen!

Den er nyoppretta, med mange fine bilder.


Innehavaren er mi veldig gode veninne og forlovar.
Vi har vakse opp i lag, og vore BV for alltid!!
( les; besteveninner)

For å få fleire lesarar til bloggen, har ho no ein give away,
der du kan vinne desse flotte lysa!

Så likar du det kvite interiøret, drivved,
stjernet,hjerter og skinnfellar,
så kikkar du inn på 

Gled dykk til ho skal blogge om den flotte hytta dei har på Hovden!!