Stjernefletting
Eg har fått da te!! Stolt over at eg "knekte" koden, med god rettleiing og ein super støttespelar.
Djup konsentrasjon i ein sein nattestime.
Perfekt resultat.
No blir det bretting og fletting dei neste dagane.
Eg har tatt ferie og er heime med junior. Tullemor skal vere to dagar i barnehagen til, før ho og får ferie. I dag skal vi handle litt, hjelpe bestemor med bakst og pynting, og ellers gjere lite.
Tankane mine er mykje hos kollegane mine på jobb, som har travle dagar på jobb. Og det ser ikkje ut som at denne jula skal bli noko roligare enn andre. Eg er stolt av dei alle, for dei gjer ein svært god jobb og i ein "vanskeleg verden". Stå på alle saman!
På tampen vil eg bare sei takk til Kjersti med bloggen Husmordronninga og Random, som trakk meg som vinnar av eit skilt frå Ramsing. det vil bli perfekt på nyahuset!
Juuhuu.. det kunne jo ikkje passa bedre enn at det var du som vann!
SvarSlettGlede meg te å sjå resultatet når nyahuset står ferdig :)
I går kveld satt eg å googla rettleiing på sånne stjerner.. Og planen er at eg ska gi det eit forsøk i kveld.. Det såg jo ikkje såå vanskelig ut.. men eg treng kanskje ein porsjon tolmodighet :D
Ha nåken fine førjuls dagar!
Klem fra
Kjersti
Så flott at du har fått det til Solveig!!! Deilig å sitte å brette stjerner, å ha en stille stund for seg selv. Spennende å variere størrelsen på stjernene ved å variere bredden på papirstrimlene. Også spennende å prøve forskjellige papirkvaliteter.
SvarSlettEn riktig god jul til deg!
Mvh Turid