Her er juletreet vårt ferdig pynta.
Juledekorasjon frå jobben til mannen. Ei mager, men ok trøyst.
I natt har nissen fylt opp julesokkane våre, med blad, dvd, sjokolade og drops. No er det tv, godis, madarin, levande lys...og alt mens vi enda går i pysjen. Deilig.
Tullemor sov til kl 7 i dag, så viss det var nokon her til skumnissefest, så beklage eg virkeleg...
I dag skal vi til Rosendal og feire jul. Fyrst i kyrkja, så besøk hos oldebesto med gang rundt juletreet, så til slutt pinnekjøt og pakkar hos bestemor og bessen.
God jul til alle lesarane mine!
God Jul i heimen!!!
SvarSlettSer dåkke forhåpentligvis seinare ;-)
Juleklem
God jul til deg og dine!
SvarSlettJuleklem fra Silje