onsdag 19. januar 2011

Ned 2 buksestr på ein månad?


Bilde er lånt frå nrk Puls!

Har du fulgt med på Puls på Nrk 1 måndagar kl 19,45??

Det har eg. Der er Yngvar og gjer tips til trening og kosthold. Og dette er eit opplegg som kven som hels kan klare. Det er lagt opp til at ein ikkje skal måtta betale mykje pengar på treningstudio. På måndag viste han ein styrkeøvelse du kan gjere heime på golvet, og vekta du kan bruke var......ei jerngryte!! Og det har mange i skåpet sitt!

Gå inn her http://www.nrk.no/helse-forbruk-og-livsstil/1.7426599 viss du vil sjå på dette!

Min kjære har skreve ut vekeplanen til Yngvar, som heng på kjøleskåpet vårt. I dag skal eg krysse av på kvardagsmosjon, då eg har gått ein 45 min tur! I morgon kan eg krysse av på langøkt, då eg skal på spinning. Så har eg styrke og intervall igjen. Det skal eg klare!!

Yngvar har mange tips i høve kosthold og:
- bytt ut vanleg pasta med fullkornspasta
- bytt ut kjøttdeig med karbonadedeig
- lag ein grønn salat til middagen
- ha alltid grønsaker til middagen
- et godis om lørdagen
- og eit godt tips er å ete 5 gonger om dagen!!

Så, for dei som ynskjer det, er det bare å setje i gang!

2 kommentarer:

  1. Øyyyy. Å lese bloggen din er en kosestund for meg. Så, nå hadde jeg rigget meg til med et godt stykke suksesskake, funnet frem til Kvardagsgleder, og hva ser jeg??? Mange setninger om sunt kosthold og trim... Solveig da........ Skal nå logge meg ut herfra, spise opp kakestykket mitt, og så logge meg inn på igjen :-D

    SvarSlett
  2. He he -sku ønska eg kunne trykka på kommentaren til Gunhild ;-)

    Men eg har sett PULS -å syns at det er bra... Har vel egentlig jort det meste her.. Sjølv om eg ikkje e så flinke te å trena, så ska eg bli flinkare te det og.. Men to buksestørrelsa fokusere eg IKKJE på..... ;-)

    SvarSlett