I går, då eg og tullemor var i Rosendal, handla eg med meg eit par ting heim. Svak rosa tulipanar i Iitala vasen min. Nydeleg!
Lysa kjøpte eg på Stemning sist helg, utan å eigentleg ha eit bruksområde til dei. I veka har eg gått og tenkt på at eg ville ha meg to lyskuplar av eit eller anna slag. Ikea har fleire slike enkle, men eg skulle ikkje til Ikea på ei stund enda...Kva er vel då betre enn å ta turen innom "familiebedrifta"?? Fredheim Blomster har da veit du! Dette er eigentleg to vasar. Lysa passa perfekt oppi, og eg hadde lyskuplane mine!
På Stemning fann eg desse stilige lilla hjerta, til å legge rundt omkring som dekor. Eg har andre sølvhjerter eg skal pynte i lag med, men eg er redd dei for i lag med julapynten på kottet. Så eg må ta ein tur opp dit!
Fyrstikkeskene har eg laga sjølv!!
Her er det søndagmodus og fotokurs!! ( Eg er ikkje nøgd med bildene eg tar, så mannan skal prøve å lære meg litt!)
Så kjekt med fotokurs då :-) Eg kunne vel igrunn og trengt det... E så dååårlig på desse tekniske tingå som blendar og lukkar etc. Kan lese koss dei ska virka, -men det går ikkje inn :-(
SvarSlettNoken spesiell grunn te at du har endra navnet på bloggen din? Eg slite litt med å tilpassa meg det nye.... He he! Men det går seg nok til!
Kjekt at Krølle har gitt deg alle blada! Spennande med scrapbook!! Eg slite VELDIG med å finna ut kossen eg ska laga EIT jenterom... Hadde nok ikkje klart eit heilt hus....!
Ha ei fin veke i vente...! Plutselig komme det fleire innlegg frå meg og.. Håper det!!
Kjekt med inspirerade boligblad. Eg er heilt hekta så du kan låna meir hos meg viss du vil. Prøver å førebu meg litt til onsdag. Veit ikkje heilt kva som blir forventa... må berre hoppa i det.
SvarSlettHåpar å komma igong med sykafè i neste veke. Kva dag er best for deg? Pute må det bli ei ordnings på, vett du!
God arbeidsveke til deg!