søndag 12. september 2010

Stemning

Så kom hausten, nesten litt over natta. På fredag gjekk vi vel i kortbuksa, og det var varmt og fin. Og lørdag braka det laus. Og det har stort sett regna i eitt sidan. 

Men eg har gode Ilse Jacobsen støvlar og Bergans kle, så regnet stoppar ikkje meg!


Eg har laga ein liten haust-stemning-dekorasjon i stova. Med flotte lys som eg fann hos Bo Grønt Fredheim Gartneri, som forøvrig har ope siste veke av sesongen no. Trur alle kan gjera nokon gode dealar der. 50 % på alle utepotter blandt anna.

Og litt lyng er alltid rett om hausten. Veit ikkje kor lenge dei held her inne, men vi får sjå.

I dag har eg hatt mamma og pappa på komla. Mamma er kommen heim frå ei veke på sjukehus. Eg er veldig glad og takknemlig for at legen i Odda ikkje gav seg, og fann ut kva som har plaga ho i fleire år. No kryssar vi fingrane for at ho kan ha det godt utan vondter. 

Og etter den siste give awayen min fekk eg mange nye følgarar. VELKOMMEN skal de vere. Eg set pris på dåke alle!!! Og gje meg gjerne tilbakemeldingar på kva de synst om bloggen!!

1 kommentar:

  1. Kjempekoseleg lysfat☺
    Er so glad i slike☺

    Håpe det går bra med mammaen din...!!

    Klem M♥

    SvarSlett