lørdag 18. september 2010

Vinnarlukka

Då eg var inne på Facebook i dag, så oppdaga eg ved ein tilfeldighet ein melding eg ikkje hadde lese før....Der stod det at eg hadde vunne gavekort på Minimikki på kr 500! 

Du kan trygt sei at eg jubla då. Minimikki er ein nettbutikk eg ofte er inne og kikkar på. Mykje eg har lyst på, men sjeldan eg kjøper. Diverre. For det er super service, og det som kjem i posten er fint pakka inn og det beste av alt er at eg har møtt Elisabeth som driv den, då ho er ei veninne av veninna mi. 

Eg synst det er mest kle som passar for jenta mi der inne. Og difor blei det til henne eg handla i dag!

Då eg har ei "tøff" lita jenta, som ikkje er noko prinsesse-emne.....så blei det kvardagskle denne gangen. (ho har 2-3 kjolar, og det er nok....for vi får sjelden brukt dei!)

Eg kjøpe denne gensaren til.
Eg har lånt bildene frå Minimikki, og dei blei litt uklare.
Dette er klemmer frå Giddy Giddy. Kjempeskjønne. Så får vi bare håpe at håret veks litt til!

Som dåke skjønne, så tok det ikkje lang tid før varene var bestilt!! Viss du vil inn å kikke på Minimikki kan du klikke her 

2 kommentarer:

  1. Snakk om flax at du oppdaga det då!!
    Masse fint du har plukka deg ut☺

    God helg☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Gratulera :-)

    Så kjekt då!!!

    HB alt står bra te me dåkke og at drømmehuset er i boks ;-)

    SvarSlett