fredag 10. desember 2010

Førjuls presang

 Junior hadd eit opplegg i går. Han trengte tape og julapapir, og eg måtte ikkje koma opp på rommet hans...

I dag kom han med gåva....trur ikkje han klarte å halda på hemmelegheita lenger...


 Og inni var stjerna han hadde laga til stjerneutstillinga på Jul i Rosendal, ei stjerne til og eit par andre pynt.

Kva varmar eit mammahjerte meir enn slikt?? Eg synst det var kjekt eg fekk den no, då eg kan pynte med den i tida frametter. det var han einig i.

No sit vi i sofaen og kosar oss. Vi bomma litt på tida til X-factor, så då blei da handballkamp istadenfor....eg er nøgd, men junior ikkje nøgd....

2 kommentarer:

  1. Å so søte stjerner☺
    Herleg at små barnehender har laga dei....

    God helg☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Å kor hærleg! Det kan smelta hjarta til mor!!

    Klem F

    SvarSlett