torsdag 1. desember 2011

1. desember


Endeleg er "ventetida" i gang. Og eg elskar jul!

No er det fram med det raude ( ja, eg hoppar over den lilla adventstida...) og eg kan ikkje få nok av juledill.


Og oppi alt, så har super-kusine vore på Ikea og kjøpt nye trekk til Ektorpàne mine, til HALV PRIS!!!

Sjå kor fin ulven min blei i "nye" sofaen.


Raudt kom og veldi godt fram, rett og slett eit scoop!


Favoritt julablomen; julestjerne. Produsert av sjølvaste pappen min. Til info lagar han og bror min 40 000 av dei i år. Kanskje er det ei av dei du kjøper i Bergen, Førde eller andre stadar i Hordaland og Sogn og Fjordane faktisk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar