tirsdag 17. august 2010

Brødboks


Då vi flytta, var eg forberedt på at eg fekk mindre skap-plass på kjøkkenet.   (Eg seie eg, for da e eg som bekymrar meg for slikt!!) Og eg oppdaga fort at eg trong alle skuffene, og ikkje ville ofra ei til brød. Hadde eg ein baktanke med den avgjersla?

Sjølvsagt hadde eg da! Eg hadde jo sett med ut denne brødboksen på Stemning. 

Eg tok difor turen til Margreta på Stemning. Og trur du ikkje ho hadde ein igjen!!! Og den var det ein liten bulk i, og mangla litt farge på den eine bokstaven. Så då fekk eg den til ein god pris i tillegg!!! Eit scoop alltså.

No står den på kjøkkendisken, framfor dei flotte krukkene vi fekk til bryllaupet. Og jammen meg matcha dei og.! Det var ein overraskelse!!

I morgon kjem det innlegg om skuleguten min. Han startar i 1. klasse i morgon!

2 kommentarer:

  1. Gratulere med ny brødboks!! Kjempeflott!! Lykke til med skolegutten i morgen!! Koselig!!!

    SvarSlett
  2. ..... og skuleguten er nyfrisert med penalsaksa til naboen. Huffameg, ja,ja det veks heldigvis ut att. Godt du tok det bra, Solveig, eg vart lettare stressa! Randi

    SvarSlett