onsdag 18. august 2010

Skulegut

Det var ein stolt gut, og ei stolt mamma, som gjekk til fyrste skuledag ved Omvikdalen Skule i dag!
Guten vakna kl 06.30, og lurte på om ikkje eg kunne ta på vekkerklokka, sånn at vi kunne stå opp! ( I går kveld var han svært oppteken av at vi måtte ha på vekkerklokka! Var vel livredd for at vi skulle forsove oss til ein sånn stor dag!)

Her er pulten hans. Framme ved vindauga. No er han klar til å gjere fyrste oppgåva: skrive namnet sitt og teikne noko frå ferien.

Han var strålande fornøyd då eg henta han ved skuleslutt. Han var nøgd med læraren og å få gå heim saman med kameraten og naboen sin.

Ein vellukka dag for alle.

1 kommentar:

  1. So kjekt☺
    Denne dagen er ein stor dag, for liten og stor☺
    Heldig med vindusplass☺
    Mi sit mellom 2 gutta på første rad☺

    Klem M♥

    SvarSlett