torsdag 23. desember 2010

Heimalaga

 Så lenge eg kan hugse, har mamma laga italiensk salat til jul. Den vart aldri servert før 1. juledag til frukost. Og vi trengte nesten ikkje ha noko anna pålegg heller, for det var det vi åt.

Eg har teke denne tradisjonen med meg, og i dag laga eg den før lunsj. Og de skal få oppskrifta mi:
4 store gulrot
1/4 hodekål
1 pakke påleggskinke ( her kan du bruke den du vil, eller la vere)
10-15 skiver sylteagurk, opphakka
2 posar majones ( i dag brukte eg ein lett og ein ekte. Mamma bruker alltid ekte.)

Eg bruker foodprosessoren og får det fin raspa. Så blander eg saman, og vips; jula sitt beste pålegg!

Og det er lov å ta haug på!!!

Og så må eg bare vise bilder av "julesengkleda" mine. Dei kom på i går, så no e da jul :-D

2 kommentarer:

  1. Så fint bilde du har brukt i overskrifta!

    God jul til deg og dine, den italienske salaten skal eg definitivt prøva ein dag!

    Klem Frøydis

    SvarSlett
  2. Denna oppskrifta såg fristande ut! Trur eg må prøva.

    Helsing Marian

    SvarSlett