søndag 19. desember 2010

Karameller


Her er resultatet...nam....

 3 dl fløyte
250 gram sukker
60 gram smør
100 gram sirup

Ha alle ingrediensane i ei panne, og sett den på ei plate på middels varme. Massen skal koke lenge ( 3 timar ca) til den har fått ein mørkare farge og ei glatt overflate, står det i oppskrifta eg fann i Spar sitt hefte.


 Eg helte det ut over ei langpanne med bakepapir. Avkjølte det litt. Så delte eg den opp med ei pizzarulle i passelege bitar. Eg lot det stå ute øve natta.
 Så tok eg av bitane. Nokre rulla eg saman, og brukte små former, kjøpt på Åhlens.

Nokre bitar pakka eg inn i celufan. men då eg ikkje hadde "rett" celufan, så blei det litt så som så.

Mine karamellar vart mjuke. Difor vart da litt kliss....men smaken vart veldig god, nesten for god.... Så eg lar dei stå i kjøleskåpet, kanskje litt i frysen nett før servering??

No skal vi inn til Rosendal ein tur. Eg skal kjøpe meg eit par krus i Green Gate, som er minus 20 % mellom kl 15-16 på Stemning.

3 kommentarer:

  1. NAM so gode dei såg ut☺
    Eg brukte å lage drops før-men gjer det ikkje lenger...kanskje på tide å begynne igjen☺

    Heldig som skal handle GG på salg☺
    Har dei pai former der??
    Finn ikkje det her :(

    Ha ein fin dag☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Jett om eg gler meg å komme heim å smake på dei der !! :)

    SvarSlett
  3. Kjempefin ny "kvardagsgleder". Lika den kan du sei. Syns du er flinke, Solveig!

    SvarSlett