tirsdag 18. oktober 2016

ren moro

For ca 1 år sidan fekk eg ei gåve frå ei god veninne.
Det var handsåpe frå eit nytt merke kalla "C" av Caroline Heyerdal.

Handsåpe med lukt av lavendel.

Den lukta himmelsk godt, og kjentes så "rein ut".
No ler du sikker litt og tenker, 
at joda, du blir jo rein når du vasker deg på henda....
men det er ikkje vanskeleg å forklare dette.

C er nemleg ein serie vaskemiddel og såper,
heilt utan kjemikalier og tilsetningsstoff.

Så ja, eg kjenner meg meir rein.



Fristelsar i Rosendal hadde nyopning for kort tid sidan,
og eit av dei nye merka dei har teke inn er nettopp "C".

Eg er så heldig å ha fått lov å teste ut eitt av desse produkta,
nemleg oppvaskmiddel med lavendel.


Det lukta veldig god, og har veldig god effekt på oppvasken.

Klart det er viktig at eit vaskemiddel tar vekk dei vanskelege flekkane, og det gjer dette.

Ingen minus at det og luktar godt.


Fine flasker som tar seg godt ut på kjøkkenbenken.


Caroline Heyerdahl er norsk,
og har utvikla desse flotte vaskeprodukta.

Ho seier at :
"kan ikkje såpe være trygt,
grønt og kanskje til og med litt skjønt?"

Eg er heilt einig.


Refillbake flasker og ingen tilsetningsstoffer.

Eg likar "C" og anbefalar absolutt deg å prøve det ut.

Du får kjøpt desse i den kjekke butikken "Fristelsar" i skålagato i Rosendal.

Om ikkje lenge får dei leveranse av fleire produkt,
blandt anna favoritten mi i handsåpe.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar