lørdag 29. september 2012

Messeliv


For ei messe,
for nokre butikkar,
for eit opplegg,
for eit reisefylgje.


Godaste Signe som konferansier for speedstyling-konkurransen.
Mykje god inspirasjon på ei slik messe.
I fjor var eg meir i "søken etter inspirasjon til husbygging",
og fekk meir ut av messa, synst eg sjølv. 
I år var det meir kjøpelysta som var framme,
og eg skulle så gjerne kjøpt mykje.
Noko kom med heim, men berre småting denne gangen.
Vent å sjå!


Interiørinteresserte veninner på tur,
og eg trur vi alle fekk valutta for turen.


Trur denna damo kom heim litt "rikare",
enn då ho for...


Ein fluesopp.


Norgesglas-lykt.


Har alltid ønska meg ein sånn, 
men den er vel kanskje betre å sjå på enn å sitje i?


Oh yes, denne skulle eg gjerne hatt med meg heim. 
Kva seier du, siddis kusine, kanskje da va ein sånn du skulle hatt?

Takk for ein fin dag til det fine reisefylgje.
Andre året vi var der no, er ein tradisjon å rekne no.

fredag 28. september 2012

Haust


Det er haust.
Det regnar og bles ute,
men inne har vi da varmt og lunt!


Var og plukka litt greiner på ein busk i hagen til pappa i går.
Treng ikkje koste så mykje,
vi har alle litt greiner ute som kan nyttast inne.


Mamma har vore i Spania.
Byblomen til meg var denne nydlege keramikk ugla.
Ho hadde den i handbagasjen for at den ikkje skulle knuse.
Tusen takk, mammo mi!

No skal eg gjere meg klar for kafè-besøk med to av dei beste!



torsdag 27. september 2012

Snart jul, sa du ??

Bilde er lånt frå Designdelicatesse.dk

Denne står øverst på ønskelista mi!!
Bilde lånt frå Bolina.com

Koppar frå Bloomingville.
Eg vil ha ein B, ein A, og ein D.
Kva blir det?
BAD

Til å ha ting og tang i på badet!!

Bilde lånt frå Bolina.com

Nååååå, denne var jo bare finaste!!

Bilde lånt fra Bolina.com

Denne hadde passa perfekt!!

Bilde lånt frå Bolina.com

Eller betongtilbehør til badet frå House Doctor?

Eg sit og drøymer litt egentlig, 
er ikkje alt eg ynskjer meg,
men kjekt å ha!!

Du kan vere med å vinne gavekort frå Bolina på bloggen til fru Fly!!

Ein vellukka fagdag er over,
tacosuppa som mannen laga vart perfekt, 
muffinsane gode,
kollegane faglege,
ja, ein god fagdag!

Fri imåro, 
så då blir da tur med mannen.
Godt å trimma han litt, før han reiser til 
Frankriket på lørdag.
Og eg, ja eg ska på interiørmessa med gode veninner.





onsdag 26. september 2012

No kan damene komma


I morgon skal vi ha fagdag på jobben.
Til lunsj skal vi samlast heime hos meg,
ete Tacosuppe med tilbehør.


Etterpå blir da kaffi og eplemuffins.


Utruleg stilige muffins former frå Nicolas Vahè,
kjøpt hos Ølen Møbler. 

tirsdag 25. september 2012

DIY Settebord


Garasjeprosjektet er over for denne gangen.
Begge setteborda er måla.


Det svarte er i farge Dempet sort.
Det oransje er den nyaste haustfargen til Jotun, 
som eg ikkje hugsar navnet på og malingspannet har eg levert vidare!


Utruleg flotte settebord.
Skulle hatt da minsta og, men glad for dei eg har.


Haustblomar sette prikken over ièn.

Litt "kalde" bilder i kveld, då mørket kom så alt for brått på.

Og så e da avtala,
vi reiser på Bolig og Interiørmessa i Bergen i år og.
Gud kor eg gledar meg.
Skal du?




torsdag 20. september 2012

Til helga kanskje...


Eg skulle bakt brød, 
eg skulle ha støvsugd,
eg skulle lagt saman kle,
eg skulle trent meir,
eg skulle ....

Men eg smøre nista til ungane av brødet
mi kjære veninne har baka til meg.
Så set eg meg i bilen i morgon tidleg,
set kursen sørøve,
til ei helg som bare e mi
og siddis-kusine si!

søndag 16. september 2012

Loppis


For ein herleg søndag.

Vi har vore på loppis i Raudaløo i dag,
og fleire skattar blei med meg heim.
Marian med bloggen Marihøno,
Signe med bloggane ReSignert og Signe Hjemmet og
Malena med bloggen Hellohellobaby
hadde brukt/loppis-marked med flotte skattar
og salg av suppe, kaker og kaffi.


Kâhler vase til kr 20,- 

Ferm Living kork-underlag (ubrukt) til kr 50,-


Den vesle vasen passar godt til den store eg allerede har.

Litt stoffbitar som skal bli til puter i stova.


Gamal vekkerklokke, som tikkar og går.

Eg føler eg har gjort eit scoop.
Og som Signe sa: " Du går etter alle merke-tinga mine du!!"
He he, jepp da gjere eg.
Og om sminkepungen er ekta Gucci eller ikkje, 
det gjer ingenting. Den passar meg perfekt!