lørdag 12. mars 2011

Refleksjon


Kjøkkenkrakken frå Ikea, har eg hatt planar om å male lenge. Den orginale er kjedlig på farge, men utruleg lett å male.


Eg har lest litt om fargar, sidan eg snart skal velge fargar og maling til eit heilt hus....

Lady Pure Color frå Jotun, er det siste nye på markedet. Den er heilt matt, og kjem i mange flotte fargar.

Eg har falt for Refleksjon.


Ikkje den beste malingen til ein krakk, det må eg innrømma. Den vart veldig matt. Men det viktigaste for meg, var å sjå fagen "live".


Krakken vart fin den!

Svigerinna mi har mala soverommet i ein gråfarge av samme type maling. Eg må snart på synfaring, og sjå den. Eg har litt problem med å sove når det er lyst rundt meg. Eg har difor planar om å prøve ut ein litt mørk farge på soverommet, og lystette gardiner. Ikkje gøy å våkna grytidlig fordi det er lyst ute....

I dag skal vi ein tur på skåla og drikka kaffi, kikka i butikkar og kjøpa lørdagsgodteri!

Ha ein super lørdag. Eg lurer på om ein give away er på vei...kjenner det i lufta...

fredag 11. mars 2011

Utfordring


For fyrste gang skal eg prøve meg på ei utfordring hos Anettes Hus . Hennas utfordring denne gangen er å vise min favoritt.

Og min favoritt er tallerkenhylla mi! Den bruker eg litt tid på, rett og slett. No heng den på kjøkkenet mitt, og eg kan nyte synet av den kvar dag!!

onsdag 9. mars 2011

mens vi ventar...


....på at det skal bli skikkelig vår, så kan eg fyra i ovnen og tenna stearinlys, eta meir kakerestar frå i går!?


Eller eg kan tenka at meir snø, gjer lenger skisesong i fjellet. Sånn at eg og junior kan opp og stå på ski igjen snart.


                              Eg kan iallefall nyta synet av dei fine perleblomane eg har planta ute.

 Men best av alt er at eg i dag fekk både Rom 123 og Bolig pluss i postkassa mi! I kveld skal eg bare ligga på sofaen og kosa meg!

tirsdag 8. mars 2011

Tullemor er 3 år i dag





                           GRATULERA SÅ MYKJE MED 3 ÅRS DAGEN, VETLAJENTO VÅR!

                                                  VI ER SUPERGLAD I DEG!!

søndag 6. mars 2011

Ikkje etter planen


I dag skulle eg ha vist bilder av nydelege fastelavensbollar med krem. Eller av mine håpefulle på skirenn i Kvinnherad mesterskapet. Men det går ikkje alltid slik ein har tenkt.

Vi gjekk skirenn. Junior fullførte for eigen maskin. Tullemor synst ikkje den der skigåinga var noko særleg. Etter litt tårer, tok vi av skia og gjekk på beina til mål. Medalje fekk ho likevel. Og dei flotte ungdommane som delte ut medaljane heia ho i mål. Det sette eg pris på!! Og kameraet låg i bilen...

Det vart meir tårer i Fjellhaugen i dag. Tullemor var trøytt og ville heim. Junior sine tårer kom fordi han ikkje fekk stå på slalåm, slik planen var. Eg skjønar skuffelsen, og hadde veldi vondt av han. Så vi returnerte frå fjellet med tårer hos alle tre...


Bilda eg viser, tok eg medan eg stod å kokte graut i går. Denne flotte korga er perfekt til å ha krydder i.


                                              Salt skåla frå Bruka, bruker eg kvar dag!


  Tinga vi bruker nesten dagleg, er greie å ha i umiddelbar nærhet. Ungane er veldig glade i havregrynsgraut, eller havregryn i yogurten.

Og av ein eller anna merkeleg grunn, har vi måtta nytta makaroni som "hurtig erstatning" til middag, fleire gonger i det siste.



Kaffi drikk vi kvar einaste dag.


Gjestefotografen min var på jobb i går og. Ho tok mange bilder av meg, medan eg kokte graut. Her ser de kor lett tilgjengeleg krydderkorga mi er.

Tullemor og eg vert nok heime i morgon. Ho har blemmer på tunga og pittelitt feber. På tysdag fyller ho 3 år, og vil gjerne ha ho frisk til det! Og sidan ho ikkje var i form, droppa eg boller med krem...det er jo berre eg som et det likevel....

lørdag 5. mars 2011

Tallerkenhylle i mars


Vårfølelsen er her. Og då kjem rosemønsteret snikande fram, litt og litt.


I dag fekk Green Gate servise mitt komme fram frå skåpet. No er det plassert i tallerkenhylla mi denne månaden. 


                                                         Skiltet i hylla, seier vel sitt ?!?


Eg har vore og kjøpt ein liter med maling i dag. Fleire stadar har eg lese om Jotun Lady Pure Color, sin farge "Refleksjon". Eg har eit ynskje om å ha den på veggane i huset mitt, men eg må "sjå" på den litt. Har no planar om å male kjøkkenkrakken min i den fargen, og sjå korleis det blir.

Grandisen er snart ferdig. Ha ein god laurdag!

fredag 4. mars 2011

Helg igjen!


                                           Med ei skål fylt med jordbær, har vi teke helg!


Mannen er reist på jobb i 14 dagar. Vinterferien er på hell. Eg har testa dei nye slalåmskia mine, og da var som ei god veninne pleie beskriva da: "dritgøy". Yr.no seier sol i morgon. Tullemor er snart 3 år. Frysen er full i bollar. Byggestart vert ca 6. juni. Junior sa han var glad i meg og eg er den beste mammo i verden. Begge ungane søv, så no kan eg ta fram støvsugaren og gjera da som ei husmor må, etter ei aktiv dag med to små. Håpar på at dei søv lenger enn 06.30 i morgon. Det er alt for tidleg....

Ha ei strålande helg alle saman!