tirsdag 12. januar 2016

Liver er best ute

Er det ikkje bare herleg,
når det er minusgrader ute,
vindstille og klarvær?


Når det er stiv kuling og kaldt,
innbyr det ikkje så mykje til uteaktivitetar.
Det er difor viktig å nyte dagane.


Bålpanne, pølse og marshmellows smakar himmelsk ute,
og då er det viktig å ha det på plass når finværet kjem...





"Nokon" lånte brekkjernet til pappen og 
"gløymte" å rydde det på
plass før isen fraus...

Stilig på bildet.

Kunst.

tirsdag 5. januar 2016

Vi er i gang med 2016


Nytt år, nye muligheter.
Blanke ark og fargestifter til.
Nyttårsforsetter.


2016 er godt i gang,
vi har hatt ei fin jule og nyttårsfeiring.
Det bles og regna, temperaturen var oppe i pluss 10-12 grader og nede i minus 6 grader.
Og det kom snø, 
til slutt.



Etter mange år med lengsel,
ønsker og sterkt behov for den 
fantastiske bjørkepuffen frå Ygg og Lyng,
låg den fint pakka inn under juletreet vårt,
til Solveig på lappen.

Eg er veldi fornøyd med den.


Apa Bo-Bo er glad jula er over.
Det vart for mykje skumnissar i den vesle magen.
Litt apestreker no på nyåret må vi nok vente oss
frå den vesle rakkaren.



Når julepynten fyller huset,
pakkar eg vekk mange av dei andre interiørtinga mine.
Eg kan då ta dei fram att i januar
og nesten føle at dei er som nye.
Pipeline lysestaken frå NUR design fekk ein
ny renessanse no i januar,
etter å ha lege nedpakka heile desember.



Ny kalender frå MsHay.
Pudderrosa på kjøkkenet
friskar opp på nyåret.

'

Visste eg det ikkje....

Vel, godt nytt år til alle.

Her er ingen nyttårsforsetter,
men ønsker om å vere meir saman med 
alle dei kjekke vennane våre
og den fine familien vår.




lørdag 19. desember 2015

Det nærmer seg jul

Ja, no nærmar det seg jul igjen


Det er virkelig jul i vårt hus,
litt mindre typisk julepynt enn åra før.

Eg følger på ein måte trendane, 
men føler likevel at eg har min stil.

Når det gjeld ein ting er eg nokså sta. 
det har ikkje komme kobbar, messing, gull eller marmor 
inn i interiøret mitt.
Det kjem det nok heller ikkje til å gjere.
Eg held meg til stål og sølv fargar,
litt "kaldt" men likevel så reint.



Snart skal vi tenne det 4. lyset i adventstaken vår. 

Tida går, 
ikkje for fort i år faktisk. 
Vi har hatt god tid, 
eg er ekspert på planlegging,
og difor kan vi no bare kose oss.


Sjølv synst eg at eg har veldi mykje fin julepynt,
kjøp litt kvart år.
Noko har eg arva,
og noko har eg fått.

....og enda meir har eg på loftet....

Veit rett og slett ikkje om alt kjem fram i år.....


Litt raudt innimellom, 
særleg med dei finaste julestjernene frå gartneriet.
Ingen juleblom slår den.
Arvelig belasta, det er eg,
når det gjeld å like blomen.
Men desverre er eg ikkje flink å halde liv i dei...
Heldig er eg for at eg då kan få ny...


Kjøkkenet får ikkje så mykje pynt, 
men små element gjer seg der og.



I fjor kom eg over Hadeland si julekrybbe,
på Christiania glassmagasin,
til HALV PRIS.

Denne har eg drøymt om å eige,
sidan mamma byrje samle på dei då eg var lita.

Eg slo te.

Gleda var difor stor, når eg kunne pakke dei opp i år.

Saman med dei skjønne Hadeland-nissane pyntar dei lekkert opp.


I morgon skal vi pynte juletreet,
og eg skal samle god veninner på min årlege
førjulskos, med gløgg og julabrød.

Glede meg til å samlast igjen,
tradisjonar er viktige,
og dei slepp eg ikkje taket på.

God førjulstid til deg.


tirsdag 10. november 2015

Fotokurs med manuell innstilling

Manuell innstilling både på kamera 
og på oss som deltok.


Eg har alltid hatt ein draum til å kunne ta 
betre bilder med kamera vårt.
Vi fekk kamera til bryllaupet,
Canon Eos 450.
Heilt supert kamera, til vårt bruk,
og neste steg er å kjøpe ei ny linse.

I sommar ytra eg frampå om ønsket mitt til veninna mi, 
Signe Schineller, som dei fleste veit,
er god på både styling og fotografering.
Ho sa det var fleire med same ynskje som meg,
og lova kurs i løpet av hausten.

Søndag møttes vi, 3 stykker pluss Signe.
Vi fekk små oppgåver, der fokuset var å lære
manuell innstilling på kamera.
Finne fokus, finne rett lukketid og bruk av blender.
Ikkje alltid like enkelt.
Men med veldi god hjelp av Signe,
fekk vi det til etterkvart.


Nokre av resultata ser du her.

Bilda er heilt uredigerte,
med plukka ut blandt MANGE bilder.



Meir om kurset kan du lese om på bloggen til Signe


No skal eg vente på lyset,
vere heime når det er lys,
for å kunne øve litt meir.

For eg veit at øvelse gjør mester.






tirsdag 11. august 2015

Hagestove

Då vi planla huset vårt, 
laga vi tak over terassen utforbi kjøkkenet.
Her var draumen å kunne sitje om kveldane 
og nyte.
Gjerne ut over hausten og.

Vel, det vart ikkje slik. 
Det er mykje vind og når det regnar,
så regnar det omtrent inn terassedøra istadenfor.

Vi måtte lukke oss inne.


Vi bygde oss ei hagestove i glass.
Med skyvedører, 
slik at vi kan opne opp når det er skikkelig fine dagar.

Vanskeleg å ta skikkeleg bilder av den, 
men du kan faktisk sjå litt av den i speglet i vindauga.





Her har vi sete mange kveldar,
med noko godt i glaset 
og terassevarmaren på.
Ja, det er jo heilt nødvendig med både teppe
og varmar på denne sommaren her.



(Bildet er frå tidlegare i vinter...det er faktisk ikkje snø på toppane no...)

Skyvedørane har vi kjøpt frå Grønt Fokus.
(Klikk deg inn på linken og sjå alt det fine dei har!)

Akuratt passe stor, og utruleg praktisk.
HandyMannen har sjølvsagt laga den sjølv,
og eg er veldi fornøyd.

Til vinteren blir det ei større hagestove mellom huset og garasjen.
Ser ikkje vekk ifrå at vi kjem til å velge Grønt Fokus då og.



tirsdag 4. august 2015

Ganske så fornøyd

Ja, eg er ganske så fornøyd med huset mitt.
Eg meiner vårt....
men han har nok ikkje så mykje han skulle ha sagt om det som er inni.


For tida ser det sånn som dette ut i huset vårt.
Har heile tida behov for små endringar, 
men i sommar har det vore ganske stabilt,
på tross av mykje innevær og litt rastlaushet.




Heldig er eg som har opp til fleire strikkapledd,
som er gode å krype under no når det ikkje er så varmt.



Spiseplassen vår,
med spisebord frå Ikea 
og stolar frå Hay.


Tidleg i sommar flytta vi verdenskartet opp frå kjellaren.
Kartet er ganske stort og krever ein stor vegg,
perfekt her i stova.
Acapulco stolen set prikken over i'en.

Kjekt å blogga litt om interiør igjen,
lenge sidan sist.

I dag byrja eg på jobb igjen,
mannen er komt heim frå jobb 
og kvardagen er nesten i gang igjen.

Heilt greitt det og.

søndag 2. august 2015

Ferie 2015; del 2


Etter Oslo besøket var vi ein dag i Tusenfryd.

Perfekt dag, lite folk og ingen kø.

Parkvær er jo egentlig best når ikkje sola skin for mykje.
....og det har vi ikkje vore plaga med i år heller.




Så sette vi kursen mot Sverige og campingliv dei neste dagane.
Flotte campingplassar, nokså greitt vær og mykje kjekk aktivitet.



Vi har stort sett alltid med oss syklar, 
som gjer at vi kan flytte oss litt rundt og ikkje minst 
oppdage flotte plassar.


Dette var nok den finaste dagen på turen,
og den einaste dagen med skikkelig strandliv i heile sommar.


Mykje morro på pappen sin bekostning.


Reker på bryggekanten



Fin gjeng


Eg passar på å ta bilder i gode øyeblikk,
slik at eg hugsar tilbake på dei gode stundene i bubilen.

For sjølv om vi kranglar om kven som skal sitje innerst,
den eine lagar litt meir lydar enn den andre
eller den eine tar litt meir plass enn den andre,
så har vi det stort sett bra på tur!!


Bare sjå på sjåføren!!
Alltid like positiv!


Siste dagen køyrte vi til Fjällbacka.
Eg har lese alle bøkene til Camilla Läckberg 
om morda i Fjällbacka
og har alltid hatt lyst å besøke denne plassen.


For eit paradis av ein plass.


Dette må vere den ultimate idyll.

...og det trur eg mange andre har funne ut og.
Det var mykje folk og dyre bilar der.



Siste stopp var innom på Godisfabrikken.
Hurra for eit paradis.
Tenker at alle som har vore der,
har komme ut med lika mykje godis som oss
og kanskje meir.

'

Så var denne delen av ferien over.
Så var det heim,
pappen skulle på jobb og
bubilen leigast ut til andre.

Kort oppsummert:

Ein super ferie saman med den flotte
familien min!