søndag 19. juni 2011

Alcudia juni 2011

Fredag ettermiddag kom vi fram til Sunwing Resort og Spa i Alcudia Mallorca.




Her er varmt og fint, litt overskya i dag ( søndag) men no har det skint opp att, og vi gjer oss klare for ei ny økt ved bassenget!

Maten er veldig god, her kan du eta sunt med mykje frukt og salatar, eller fråtsa i mykje anna god mat. Vi må prøva ut alt, sjølvsagt! Vi har betalt for " Inclusive", som betyr frukost kvar dag, lunsj og middag 10 dagar. Og vi angrar ikkje på det. Her er "alt" vi kan drøyme om til alle måltider!

Ungane leiker overalt, og kan i periodar leike saman...Trur omsetninga på sånne bilar/figurar etc som kostar 1 Euro for 20 sek med overstadig glede, vil auke kraftig desse to vekene!

Detta ser ut til å bli tidenes ferie!! God sommar til dåke som er heima!!

torsdag 16. juni 2011

Då var vi klare!


No har eg pakka bikini, sandalar og solkrem. For i måro tidleg reiser vi til Mallorca!


14 deilige dagar skal vi nyta livet, eta god mat, bada og lesa "Gjenferd" på strando. Eg e klar, og det er dei tre andre og. 
 Sidan mannen skal ha med seg pc, kan det fort komme eit lite innlegg på turen.

God sommar alle lesarane mine, og velkommen til nye følgarar!!

søndag 12. juni 2011

Flott feiring av ein flott 60 åring


Mi kjære mamma fyller 60 år i dag!

Ho inviterte lika godt heile familien med til Solstrand Hotell frå laurdag til søndag. Vi har bada, ete og drukke godt, og kosa oss mykje!


Junior framførte eigenkomponert bursdagssong.


Pynta til fest.


Eg hadde ny kjole for anledningen, og med sjampis i glaset...er det rart eg smile?



Det var fri tilgong på is. Junior åt 7 stykk.


Alle holdt ut til seine kvelden. Tullemor måtte ha litt sjokolade for å halda energinivået oppe.

No gjere vi oss klar for kakeselskap for jubilanten.

onsdag 8. juni 2011

Bursdagsgåve


Mi kjære kusine Heidi, fekk denne i posten i anledning bursdagen sin på søndag. Sidan ho har raud sofa, fann eg ut at ho måtte ha noko med litt raudt i. Kusine Heidi er ikkje så "rosete" som meg, men ho sa ho tålte litt. * ler *


Eg mottok eit bilde etter at puta var på plass på sofaen, og ho var strålande fornøyd. det gleda meg mykje!

Bror hennas har bursdag dagen etter, men vi vart invitert på kake og is på søndag. I strålande solskinn var det perfekt på altanen til Rodihop!!! Og sjokoladekako var fantastisk ( må få oppskrift!)

I dag er det fridag. Tullemor har fri, og snart skal vi hente junior på skulen. Vi skal kjøpe bursdagsgåve til bestemor som blir 60 år på søndag!

Ha ein super dag. Eg har smørt meg med solkrem og tatt på kortbukse, for det er meldt sol!!

søndag 5. juni 2011

Til salgs!


Kunne du tenke deg å kjøpe eit vitrineskap, ei bokhylle og ein pidestall i mørkt tre?


I så fall har du muligheten no!

2000kr for alle tre, eller kom med eit knakande godt bud, så skal vi sjå!

Eg har gått tre runder med meg sjølv om dette, men på grunn av for mykje flytting frametter, så har eg valgt å selge dei no. Håpar på respons!

lørdag 4. juni 2011

Mini hamburger


I familien vår blir ofte vanlege hamburgerar for store for små magar. I fjor (trur eg) lanserte Rema 1000 minihamburgerar, eller sliders som han der grillkongen Craig Whitson seier. Og i år har dei fleire variantar, for ein kvar smak, laks, kylling og vanleg storfe.


Det som gjere meg kvalm, eg dei e-stoff brøda vi liksom skal ha til. Kvalmare greie skal eg leite langt etter... Og kanskje mest fordi ein gang eg kjøpte var dei mygla, lenge før haldbarhetsdatoen gjekk ut.


Eg bakar difor heller desse brøda sjølv ( når eg har tid..) og dei smakar mykje betre. Planen var at dette bildet skulle gjere slik at eg slapp å skrive ned oppskrifta...


...godt eg hadde detta bildet og!





Blei bare eit før-steike-bilde, sidan dei glei ner på høgkant etter dei var nysteikte.

No er forhåpentlegvis sommaren komt til oss! Mens eg kun tenke på kva eg skal pakka for 14 dagar på Mallorca...

fredag 3. juni 2011

Cupcakes


"Solveig prøver ting ho ikkje har gjort før".

I dag var planen å bake cupcakes, og det vart gjort. Dei vart svært søte på smak, til og med ungane synst dei vart for søte.


Men lekre blei dei. Kusine Mette var på prøvesmaking og ho godkjente dei. 


Dette vart fyrste prøveprosjektet. denne gangen brukte eg frosting med melis, smør og melk. Neste gang skal eg lage med kremost, for då håpe eg den ikkje vert så søt på smak.

I dag står bollar og ostehorn på programmet. Eg er ikkje heilt i form, med snørr og litt feber. Liker ikkje det når vi har langhelg med fri.