onsdag 8. juni 2011

Bursdagsgåve


Mi kjære kusine Heidi, fekk denne i posten i anledning bursdagen sin på søndag. Sidan ho har raud sofa, fann eg ut at ho måtte ha noko med litt raudt i. Kusine Heidi er ikkje så "rosete" som meg, men ho sa ho tålte litt. * ler *


Eg mottok eit bilde etter at puta var på plass på sofaen, og ho var strålande fornøyd. det gleda meg mykje!

Bror hennas har bursdag dagen etter, men vi vart invitert på kake og is på søndag. I strålande solskinn var det perfekt på altanen til Rodihop!!! Og sjokoladekako var fantastisk ( må få oppskrift!)

I dag er det fridag. Tullemor har fri, og snart skal vi hente junior på skulen. Vi skal kjøpe bursdagsgåve til bestemor som blir 60 år på søndag!

Ha ein super dag. Eg har smørt meg med solkrem og tatt på kortbukse, for det er meldt sol!!

2 kommentarer:

  1. Fiiiin pute! Synes det ser ut som hun har en fin sofa og. Liker sånne kantebånd jeg :)

    Hilsen Malena

    SvarSlett