Denne kan brukast til brødkorg, til å ha "stæsj" i, teiknesaker, eller det du måtte ønske!
Det var det fyrste vi lærte på sykurset. Enkelt å få til, sjølv for meg. Eg ser for meg at dette blir utgangspunktet for ein del julegåver, då dei er supre å putte ting oppi og!
Kanskje du ynskjer deg ein slik??
Her er det søndagsmodus no. Eg skal snart kle meg for ein liten joggetur. Etterpå skal eg lage middag, då vi får gjester i dag!
Og husk å ha pengane klare når innsamlingsaksjonen kjem!!
søndag 24. oktober 2010
mandag 18. oktober 2010
Sminkeveske??
I kveld var det sykurs igjen. Vi skulle sy ei sminke-veske eller kva vi vil ha i denne flotte veska. Målet var å lære å sy i glidlås...
Eg er så nøgd med resultatet. Og så kjekt å få det til sjølv.
Med for og greie, då sjølvsagt!!
Og for de som lurer, så var konserten i helga HEILT KONGE! Lady gaga svarte til forventningane. At eg no er ei "free bitch, baby", er vel innlysande. Og ikkje minst: " I`m a MONSTER!"
At oppvarmingsbandet ville "f....all norwegian sluts" var vel så som så, men vi lo masse.
Og kven skal vi på konsert med til neste år? Vel, det vil tida vise. Men at det blir tur til neste år og, er vel heilt klart!

fredag 15. oktober 2010
Lady GaGa
No skal eg snart pakke kofferten min, og gjere meg klar for Oslo helg med gode veninner! Vi skal nemlig på konsert i Oslo Spektrum med Lady GaGa på lørdag! Detta har eg gledd meg til lenge.
Så eg vil ynskja alle lesarane mine ei knall helg. Eg er ikkje tilbake før søndag. Så no får mann og barn klare seg sjølv, eg skal bare tenke på meg sjølv og nyte denne helga!

tirsdag 12. oktober 2010
mandag 11. oktober 2010
Banankake a`la Emmeline
Eg vart inspirert av Emmeline til å nytte dei godt modne bananene til ei kake! Så mens eg tok meg ein joggetur(!) stod kaka i ovnen og godgjorde seg!
Rett og slett snop, spør du denne familien.
Og oppskrifta kan du lese hos Emmeline her. Eg skal bare rocke litt, så skal eg inn te Lyngstranda og sy litt!!

søndag 10. oktober 2010
Gatekunst
Lørdag var borna ute stort sett heile dagen. Nydeleg haustvær frå morgon til kveld! Og fantasien er det ingenting å sei på!
Ein gylden anledning til å ta på tullemor den nye Kaptein Sabeltann gensaren, som bestemor har strikka!
Heilt i tullemor si ånd!
Bare flaks at det her var blide fjes, for egentli fekk ho ikkje lov å vera med....ho bare øydelegg, pleie han å sei...
Ein flott søndag er over. Haustferie neste veke for junior, som skal vere heime med pappen. Tullemor skal i barnehagen, og mamma på jobb!

Vimpelrekke
Mi fyrste vimpelrekke!!! Og eg er så stolt!
Eg har byrja på sykurs med ei utruleg kreativ og flink dama, og har lært at ting er ikkje så komplisert som det ser ut som.
Og sidan mannen kom heim i går, har eg fått sitje litt ved symaskina aleine i dag. Ja, det var etter at eg sov til kl 10, og etterpå gjekk tur med gamle-naboen til Aterstad. Og ikkje minst, kom eg heim til tomt hus, slik at eg kunne dusja heilt aleina!! Oh lykke.
No er vimpelrekka kommen opp på rommet til tullemor. Og Junior spurte om han kunne få ei og? Sjølvsagt skal han det!
Eg elskar å kunne vere litt kreativ og få det til, dette som eg har drøymt om så lenge! Så no har eg planane for nokre julegåver klart, og bestillinga frå Stoff og stil er på veg!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)