søndag 10. oktober 2010

Vimpelrekke

 Mi fyrste vimpelrekke!!! Og eg er så stolt!
 Eg har byrja på sykurs med ei utruleg kreativ og flink dama, og har lært at ting er ikkje så komplisert som det ser ut som.

Og sidan mannen kom heim i går, har eg fått sitje litt ved symaskina aleine i dag. Ja, det var etter at eg sov til kl 10, og etterpå gjekk tur med gamle-naboen til Aterstad. Og ikkje minst, kom eg heim til tomt hus, slik at eg kunne dusja heilt aleina!! Oh lykke.
No er vimpelrekka kommen opp på rommet til tullemor. Og Junior spurte om han kunne få ei og? Sjølvsagt skal han det!

Eg elskar å kunne vere litt kreativ og få det til, dette som eg har drøymt om så lenge! Så no har eg planane for nokre julegåver klart, og bestillinga frå Stoff og stil er på veg!!

lørdag 9. oktober 2010

Turkis

 Eg har skifta farge på kjøkkenet for hausten. Det rosa og rosete har måtta vika for det turkise. Eg har alltid likt turkis, synst det er så friskt!
 Og med pris på voksduk hos stoff og stil (24,95 pr meter), så kan ein jo skifte med humøret! Så no går det i kvitt og turkis. Det lyser litt opp i denne tida, der det meste er orange, brunt, og litt grønt om kvarandre.
 Eg kjøpte dei fine plakatane i rosa og turkis, slik at eg kunne skifte med interiøret. Og rammene kjøpte eg på Europris!

Tallerkenhylla fekk eg hos ei kjempe kjekk dame etter at eg la ut eit ynskje om ei slik på Facebook. Den var trekvit, og med eit par malingstrøk vart den så fin atte. (Eg har ei til, som skal vere på rommet til tullemor, med bøker i. Men sidan vi leiger hus no, har eg ikkje lyst å skru inn fleire skruer i veggen. Så den får rett og slett vente til nyehuset!)
 Desse flotte blomane fann eg hos Fredheim Blomster i Rosendal ( jada, litt reklame må eg ta med!!) Og dei var kjempe dekorative. (Av ein eller anna grunn, kjøper eg alltid to og to like blomar....)
Eg syr og syr for tida. Resultatet kjem før de anar....

fredag 8. oktober 2010

Haustkveld

Haustkveld i stova. Eg og junior sit og ser på X-factor og kosar oss med digg. 

Detta er kvelden då han får eta nesten ubegrens med godis....og faktisk så ete han ikkje så utruli mykje før han blir kvalm.....


Og eg kosar meg med siste utgave av Bolig Pluss som eg fekk ho på butikken til å henta på lageret! Takk!





Ser han nøgd ut eller? Trur tenna er dekka med sjokolade allerede!?!

Vel, no håpar eg at eg er tilbake på bloggen. Eg har hatt ei veka der eg har rett og slett har hatt nok med dei daglege rutinane. Men i måro kjeme mannen heim frå ferien sin!! Har to som nok gler seg meir enn meg. 

Ha ein fin fredag alle saman!!

lørdag 2. oktober 2010

Kontrastar

Eg såg ei utfordring hos http://www.anetteshus.com/ om kva som skapar kontrastar i heimen. Og her fann eg noko i stova mi.



 Desse mørke møblane er eg eigentleg ganske nøgd med, men har planar om å male dei lyse. Så får vi sjå korleis det går.

Bokstavane har eg kjøpt hos Sæbøvik Gåver og leiker (ein stor favorittbutikk for meg!). Og med god hjelp av mammo te naboen min, fekk eg til slutt D en i Andreas og! Takk :-)

I dag er det lørdag, og vi skal på kafè i ungdomshuset Dalheim. Etterpå blir det besøk hos bessen og bestemor som har vore i syden! Mon trur om dei har noko fint til oss???

fredag 1. oktober 2010

Tur med jobben

Detta bildet har eg lånt frå Åkrabygda.no og grunnen til da, e at eg gløymte fotoapperatet i dag.

Eg har vore på ein utruleg flott fjelltur med jobben min, TTBU, i dag. Vi gjekk frå Brandvikja, opp storebjørnsli, og over fjellet, ned på bjellandsneset, tok båt til Åkra. Ein super tur.

Men no er eg sliten, for da e lenge sidan eg har gått ein slik lang fjelltur!!

No er mannen reist til Frankriket for å fyka paraglider ei heil veka. Unne han da verkeleg (sjølv om eg meir enn gjerne skulle hatt han heime no, etter at han har vore 3 veker på jobb.....)  og håpe at han får gode flyforhold! Junior tar da tungt, og har grene seg i søvn i kveld. Morshjarta mitt blør då, og det er vanskeleg å trøyste han. Ingen trøyst for han, at "mamma er jo her..."

God fredag alle saman!

mandag 27. september 2010

Eg ynskjer meg...

 Denne frå Riviera Maison. Og dei har nettbutikk....men eg får vel heller ta turen innom når eg skal til Bergen neste gang. Ein butikk eg bare kan gå og nyta i!
Kva seier du, kjære....hadde ikkje sagt nei, viss du hadde servert kaffi og kake på denne!

Eg har allerede byrja å planlegga julapresangar. Ja, du leste rett. Og eg trur ikkje eg er den einaste som er i gang. Eg har ikkje kjøpt nokon enda, men planlegginga er jo halve morro`a!

Men ein ting eg har brent meg på....og det er at når det nærmar seg julafta, så er det ikkje så "super koseli" å stå heime med å pakke inn gåver sjølv... Så butikken skal få lov til å ta seg av det. Og i år har det seg sånn at eg skal hente fram mine kreative sider(!)

Eg har tidlegare laga julegåver til veninner, men no har det vore litt stopp dei siste åra. Men kanskje i år igjen? Eg har strikka sokkar, tova tøfler, strikka kjøkkenhandkle, laga smykker, baka osv. Så i år...vent og sjå!

søndag 26. september 2010

Morgenstund


Då vi i denne familien (les; dei små...) er kjent for å våkne før 7 alle dagar, så er det bare å komme seg på beina! I dag valgte eg å fyra i ovnen, litt for kos, men og fordi det byrjar å bli friskt om morgonen no. Deili haustvær med sol, nye fargar på trea og helg!

Denne korga kjøpte eg på Jysk sist eg var på kurs. Og den var svinbillig. Eg betalte 35,95 kr for den! Eg klarte ikkje la vere, sjølv om eg liksom ikkje skulle handle noko... Men hallo? Til den prisen, MÅTTE eg jo bare. ( Og eg kjøpte nokon til...bare sånn i tilfelle nokon skulle ynskje seg til jul eller sånn....)



Og mitt gode selskap i dag, er denna flotta jento! Junior søv framleis. Heldige han!

No e da bare 3 dagar til pappen i huset kjem heim. Då har han alltså vore på jobb i 3 veker....(bare heimom ein dag, for å sjå te oss!) Og vi gler oss mykje!