mandag 2. februar 2009

Speilrefleks kamera

Vi ynskjer oss speilrefleks kamera. Vi er anbefalt Canon EOS 450 d. Dette kamera kjem svært godt ut i test og. Det varierer i pris rundt omkring, men pengar eller gåvekort øyremerka dette, er høgt oppe på lista vår!

Samstundes skriv eg at vi og ynskjer oss fotokurs som vi kan lære oss å bruke kamera skikkeli!

onsdag 28. januar 2009

Brev frå presten

Brev frå presten idag! Fekk iallefall bekrefta at dato og klokkeslett e booka rett. LØRDAG 20. JUNI KL 15.00 skal det skje. Men jammen e da nåken skjema og greie som skal fyllast ut og. E kje bare bare å gifta seg...he he he... Men da e vel da minsta problemet. Kjenne endo vondt i magen med tanke på at kyrkjedørene ska opna seg og alle snu seg for å sjå på MEG, WÆÆÆÆ

mandag 26. januar 2009

Sjefs bryllaupsplanleggar

Oh my god. Da va ikkje meiningo.... Men bryllaupsplanleggaren min er sjølvsagt den beste av dei beste, nemmeligen HEIDI!!!!! Ho er ikkje gløymt på nokon måte. Kanskje ho skulle fått ein eigen plass, slik at ho kunne ha blogga på min blogg...He he he Men då var det nemnt og ikkje glemt!

torsdag 22. januar 2009

Sangar

Eg, bruro, har bestemt at vi ikkje skal ha HEIMEKOMPONERTE ALLSANGAR i bryllaupet vårt. Dersom nokon ynskjer å lage sang til oss, kan dei sjølvsagt få framføre denne. Eg har alt for dårleg erfaring med sangar til melodi ingen kjenner til, og tekst som berre den som har laga sangen veit korleis passar..... Så, då er det bestemt.

Høie sengkle

Vi ynskjer oss Høie sengkle. Helst lyse fargar. Men alle stoff, satin, krepp eller bomull. Str 140 x 200.

onsdag 21. januar 2009

5 mnd igjen...

Oki...FEM MÅNADAR e egentli veldi lenge, men eg trur da kjeme te å gå fort likavel...



Ka har vi på plass? Jo, Dalheim er booka. Kokk på plass ( ikkje endo då, men han er bestilt!). Kyrkje og prest er klare ( Sjølvsagt har vi styrt unna Sætre...). Hm, ka meir? Jo sjølvsagt, vestlandets beste fotograf er bestilt. Trur eg sendte mail te Bodil nesten før da andra... Så BO skal ta bilde av oss. Lure på ka ho tar for å vera me heile kvelden og ta bilde? Kanskje eg må senda ho ein invitasjon te festen??? He he

Og sjølvsagt KJOLEN:-)) Den e bestilt. E ofta inne og ser på nettet på den... Evelyn ( forlovaren min) har bilde av meg med den på og faktisk, men da e jo ikkje MIN.

onsdag 14. januar 2009

Forsettelse på invitasjonar

No skal eg få hjelp av ei veninne, Margit, til invitasjonane. Eg har veldig lyst å sette preg på dei sjølv, men vil ha hjelp til å lage eit "monogram", som skal gå igjen på alt i høve bryllaupet! Har fått masse gode tips til nettsider av rodihob, TUSEN TAKK!!!

Og no er gjestelista klar! 90 stykk er vi komt fram til, og det blir sagt at ein må rekne med ca 10 % frafall, så då blir vi vel rundt 80. Det er passeli det!