søndag 8. mars 2015

Bursdagsfest med Olaf - DIY


Tullemor har hatt bursdag denne helga,
og ho er stor fan av Olaf i Frost-filmen.


Eg fann eit inspirasjonsbilde på 
instagram for ei stund sidan,
med ei liknande bordekking.
(Eg hugsar desverre ikkje kven den var...)
og tullemor var heilt med på dette.


Så enkelt,
så billig,
og så stilig.

Olaf bursdag med stor entusiasme frå dei små gjestene.


Med snøfnugg på vindauga,
Olaf drakta eg kjøpte i New York,
kvit og blå pikekyss,
kvite serviett "snøballar",
marshmallows med sølv dyss på,
vart festen ein suksess.



Ok, eg vart ikkje heilt betatt av denne versjonen 
som mannen hadde laga,
men la gå då.


Små papptallerkenar    (Europris)
store papptallerkenar  (Europris)
plastglas              (Europris)
plastbestikk          (Europris)
            melkerull til knappar (Rema1000 10 kr)
babygulrot til nase 
Bokpapir til 2,50 kr pr rull til bakrunn/duk ( Nille)
Serviettar på tilbud til 1/2 pris.

Det går faktisk an å lage billig bursdag.
Det har eg lært av veninna mi, Diana!




1 kommentar:

  1. Fantastisk morsomt!! Å kjekt at det blei billig i tillegg �� Kreativt, uansett om du fekk inspirasjon på nettet ��������

    Anne Tone ��

    SvarSlett