torsdag 26. februar 2015

Vinterferien 2015


Snø, sol, ski og kakao.

Det er ingredienser som fylte vår start 
på vinterferien 2015.


Heldige som vi var å få låne hytte på Vågslid,
i eit eldorado for oss som likar å stå på ski.


Vi jobbar litt med å få alle 4 til å like bortoverski
like mykje som nedoverski,
og det vart trua med å brenne eit visst par med ski...


Det er difor viktig at eg tar bilder tidleg 
på turen,
når alle stort sett er glade og fornøyde.


Ungane hadde stor plan om å bygge snøhule,
og lukka var stor då dei fann ei påbegynt hule,
som dei bare kunne bygge større.


Heile familien måtte inni,
sjølv om mammo ikkje er så veldig 
glad i sånne huler.
Eg har ingen draum om å overnatte i ei slik
kan du sei.


Junior elskar å stå på ski,
begge typar ski,
og snowboard. 
Eg må innrømma at han er ganske flink,
og tør å hiva seg uti det.

Ja, begge to køyrer glatt ifrå meg...


Blid og fornøyd gut i sola.


Blid og fornøyd mamma og.

(Da ser ut som du har mista ei tann, mamma....
ja, men det har eg ikkje,
ikkje denne gangen....)




Fine familien min.

No er vi heime igjen, og ventar på stormen...
Pappen er reist på ekstratur på jobb,
og mammo fekk seg nokre ekstra fridagar.

God vinterferie til alle.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar