torsdag 5. februar 2015

Gangen

Det fyrste folk møter når dei kjem inn,
er jo gangen vår.



og no møter og folk "oss" og på ein måte.
Etter at eg fekk desse flotte forstørringane
av bileta Monica Madsgård tok av oss i 2013,
til bryllaupsdagen vår.


Det er ikkje lerret, men på ei slags metallplate,
slik at dei ikkje bygger så mykje ut frå veggen.
Eg er strålande fornøyd.
Saman med husreglane passar vi godt inn,
joda vi prøver kvar dag å leve etter dei,
sjølv om det av og til kan vere litt vanskeleg.


Bentongtapeten er favoritten enda.
Eit av valga mine eg tok tidleg i 
byggeprosessen,
og aldri har angra på.

Veit eg har inspirert andre og med denne
tapeten og det gjer meg så glad.
Den er frå Storeys og ikkje så alt for dyr.




Kom gjerne inn til oss.
Eg elskar å få besøk.

1 kommentar:

  1. Å skulle gjerna besøkt på deg og Diana ♥
    Kjempefin gang,flott med bildet! Har og de reglene på gangen :)
    Flott fredag til deg og dine :)
    Klem Charlotte

    SvarSlett