tirsdag 11. juni 2013

Nice, fyrste omgang


NICE

Rett og slett nais.

Frankriket, den franske riviera, var målet for meg og 7 andre klubbveninner, onsdag for ei veke sidan.
Vi var oppe før fuglane, for å rekke båten kl 06.00.
Det er tidleg.

Men alle var blide og fornøyde,
og klar for årets tur!
Vi har gleda oss sidan vi var på tur til Barcelona for snart 3 år sidan, ein tur der vi har 
"levd på minnene" sidan.

No stod ny tur og nye minner på menyen.


Vi ankom Nice i 12 tida, og måtte vente på romma våre.
Vi nytta då høve til å kjenne på byen, og kjenne på vatnet i havet!

Men før eg fortel meir, vil eg tilabke til starten og byrjinga på reisa.



Vi var to i reisekomiteen, og vi delte ut frukost til alle 8
ombord i båten til Flesland.

Etter maten var oppeten,
fekk alle 8 utdelt kvar sin "reise-goody-bag".

Og er det noko vi jenter likar,
så er det sånne!


Shoppingbag, bagasjemerke, penge-magebelte, antibac, tyggis, bixit
er noko alle treng på tur.

I tillegg vart vi sponsa med


Reisesett med shampo, balsam og hårspray frå merket ID Hair elements frå

Karma Frisør og Velvære i Rosendal



Klikk her for å komme til Facebooksida deira



Sjokolade frå "Fristelsar", ein nydeleg butikk i Rosendal.
Dei sel eit breitt utvalg av sjokolade, produkt frå Jamie Oliver og Nicholas Vahe,
kjolar frå Ko-Ko, leiker, vesker mm

Klikk her for å komme til Facebook sida deira.


Handkrem frå Mary Kay,
sponsa av forhandlar Anne Kari Andersen.

Alle 8 vart svært nøgd med goody-bagen.
Alt kom godt med på turen!!

Eg kjem snart attende med nytt innlegg frå turen!!

2 kommentarer:

  1. Gler meg til å høyra meir mi sunroad ♥♥♥

    SvarSlett
  2. Å SÅ GØY
    OG FOR EIN HERLIG START PÅ TUREN
    TENKER DETTA VAR KOS JA
    NYT DAGEN SØTE DEG
    KLEM ELI:)

    SvarSlett