lørdag 15. juni 2013

Blogging, eting, helg og sånt



Bloggen har ikkje vore mykje oppdatert siste månadane,
utanom Nice innlegga.

Sånn er det hos fleire.

Men vi er på Instagram,
fleire og fleire.

Bileta eg viser i dette innlegget har eg vist på Instagram tidlegare.
Det ser eg mange andre og gjer,
viser dei same bileta her og der.

Instagram er enkelt å bruke,
lett å legge ut bileter,
treng ikkje så mykje redigering og skriving.

Samstundes så saknar eg på ein måte blogginga og.




Aleine til frukost ein søndag i mai.

Kaffi, egg, rundstykker er viktig. Litt kjekt å dekke fint på. 
Maten smakar faktisk betre.


Favoritten for tida er fruktsalat, litt nøtter,
cottage chees og eplesyltetøy.

Nammis


men plutselig dukka mannen opp og,
då måtte eg dekke på til han og.

Radioen var på i bakgrunnen, vi les aviser (faktisk i papirutgåva)
Snakka med kvarandre.

Kvardagsluksus i ei helg.

Begge borna var på overnatting den helga,
og slike netter og morgonar er etterlengta for småbornsforeldre.

No er det helg igjen.
Gutane i huset er på fotballcup på Voss,
vi jentene er aleine heime.

Eg har brukt mykje av tida til å rydde og vaske. Inniellom er det naudsynt å gjere ein ekstra innsats.
Så mens vi ventar på sommaren,
får vi gjere sånne andre ting.

Eg har eit stort ynskje om sol og varme no.

God helg vidare til alle, enten du har byrja på ferie,
jobbar, er aleine eller saman med dei du er glad i!




2 kommentarer:



  1. Ser dessverre at fleire og fleire uteblir fra bloggen pga instagram.
    Men blogging tar jo tid,så forstår jo godt at det er litt lettere å legge bilde ut på instagram:)

    Her lengter vi også etter sol og varme,kommer nok snart;)

    Nyt helgen!
    Klem Siv Mette

    SvarSlett
  2. HERLIGE BILDER
    INSTAGRAM BØLGEN ER IKKJE KOMT TIL MEG ENDA...
    NYT SØNDAGEN SØTE SOLVEIG
    KLEM ELI:)

    SvarSlett