mandag 9. juli 2012

Ferie med eit snev av shopping


No er vi heima igjen, etter ei veka i Billund, Danmark.
Vi har budd på Lalandia i Billund, rett over vegen til Legoland, 
som var det store målet for ferien.
Ein super stad å vere med to born som er aktive, 
og som det må "skje noko" med store deler av tida.



I tillegg er der shoppingmuligheter for ei mamma som likar å handle kle og interiør.
Dansk design er jo i verdensklassen spør du meg.


Likevel kom eg heim med svensk design. 
Triplets frå KG Design.


Denne butikken låg for seg sjølv, litt sånn i audemarka, men svært godt synleg frå vegen. 


Her kunne eg gått og kosa meg i timasvis.
Muuto, ByNord, Vipp, Arne Jacobsen, Louis Poulsen, Eames....
You name it!!!



Så til alle dåke mammaer som har prioritert borna når det gjeld ferie, og skal halde ut i Legoland:
Ta turen innom denne butikken! 
Det har du fortjent.

(Køyr litt forbi sentrum i Billund, mot Grindsted. Så ligg den der, umuleg å oversjå!!!)

Eg har meir på laget, men det kjem ein anna dag!!!


1 kommentar:

  1. Kunne før tenkt meg en tur i den butikken enn opp i karusellene i Legoland ja,- stilige lysestaker!

    SvarSlett