fredag 15. april 2011

Nye familiemedlem


Hei! Kven er du? 

Liknar mest på ein av Kometkameratane. Han flytta inn hos oss på onsdag. Han fekk ligga i capsen til tullemor på veien heim frå barnehagen, og står no oppi potta til ein orkidè.


Eg det Gulars som har stukke innom? For nokre bedårande auger. Kven smeltar ikkje når dei flørtar?


Hey hey, denne vart nok bedåra. Sjekk dei vippene då!!


Eg helsar dei vakre medlemmane av familien Hus Hansen hjarteleg velkommen til oss.


Uff då, kva skjedde?


Emmeline hadde ein liknande, som gav ho assosiasjonar til filmen "Flukten fra Hønsegården", og eg må vel sei at denne minnar meg om det samma.

1 kommentar: