tirsdag 4. januar 2011

Realiteten

Dette blogg-innlegget er til kollegane mine, som ikkje trur at eg er som alle andre!
 Eg har mogeleg gitt uttrykk for at eg har det ganske strigla heime. At i alle skuffer og skåp er det tellekantar på kle og klutar. At det ikkje er støv i vinduskarmane mine, at det ikkje ligg daude floger i krokane, eller er rot på golvet... Men eg har det. Og her er beviset.

Desse bildene tok eg i går etter at eg kom heim frå jobb. I lunsjen fortalte ei god kollega at ho hadde eit nyttårsforsett om å rydde ei skuffe kvar dag. Då eg uffa meg, og sa at da burde eg og, svarte ho at ho nekta å tru at eg hadde rot i skuffene mine. Då tenkte eg at hm, trur ho verkeleg det? Eller er det bare noko ho seier? Vel, eg får heim og ta ein kikk. Og dette møtte meg.

Inne på syrommet, som eg kallar det, er det eg som regjerer. Mannen finn ingenting her inne, og veit ikkje heilt kor han skal legge ting. Difor vert det lagt oppå det som er her.
 Og sidan vi leiger hus no, kan eg ikkje bare flytte på skap og henge opp hyller. Eg bruker det som er her. (Og flaks for meg er det ein del skåp på dette rommet!) Og eg har visst ikkje vore så flink å systematisere.... Her er eit einaste kaos, og eg likar det ikkje. Så i dag skal eg byrja å rydde her.

Det skal og vere sagt at dette rommet vert nytta til oppbevaring av ekstra stolar, madrasser, ein paraglider ( som skal få eige rom i det nye huset :-D), klede i alle fasongar, symaskin og syutstyr, julapynt som har mellomstasjon før det skal pakkast på kottet, strykebrett osv.
 Uff og uff....
 Her har to halvsjuke ungar regjert i dag...
Men det skal han ha, han hadde teke seg av våre to søte små og støvsugd til eg kom heim frå jobb kl 18! Det sette eg veldig pris på!

No er det opp av stolen, og byrja rydde på syrommet. Håpar eg kan komme tilbake med eit "etter" bilde om ei stund!

4 kommentarer:

  1. Takk og takk :-)
    Blei nå litt glad over å lesa dette og eg då!

    Godt at heller ikkje du er heilt perfekt (På akkurat dette området)

    Håper at det kjem "etter bilder" og om ei stund... Eg får ein kjempegod følelse inni meg når eg har rydda og ordna masse....! *Den vare ikkje kjempelenge men*

    Klem AT

    SvarSlett
  2. ja ej me vart gla for dei bilda der! Ekje godt å skulle være både utearbeidande småbarnsmor og husmor samtidig. Ikkje mykje en fe gjort mens tassen e våken, og etter han he lagt sej e lufta gått ut av ho mor også....Ska bli godt å få heim sjømannen imorga!

    SvarSlett
  3. Fantastisk Solveig!! Sånn ser da aldri ut hos meg - sjølvaste frøken strøken... Mohaha!! :) Gå deg ein tur no!! :) ((Men takk for fantastiske bilder!!))

    Vero T

    SvarSlett
  4. Kjempefint Solveig at du vise realitetane! Det er jo sånn det er hos dei fleste av oss og eg syns ærlig talt at "Blogglandia-verda" kan vera noko glansa. Mens du rydda i dag skal eg kvila litt middag - men etterpå skal eg òg ha meg ei økta å systematisera litt på syrommet.

    SvarSlett