onsdag 1. desember 2010

Dørkrans

Her er årets dørkrans hos meg!!

Vi er ein gjeng med jenter, som møtes ein kveld rundt 1. desember, og lagar dørkrans saman. Vi er så heldige å ha med oss ein blomadekoratør, som kan gje litt tips og idear....og kanskje ei hjelpande hand når det "krøllar seg til!"

I år trur vi det er 8. gangen vi gjer dette, og slike tradisjonar er viktige å halde på. Då et vi pepperkaker, mandariner og sjokolade. Vi drikke julabrus, og i år hadde Reidunn med gløgg, og det varma godt!

No bakar eg julebrød og gulkrem kaka. Så snart junior kjem heim, vert det trekning!! ( Eg kan ikkje trekke aleine, då "føle" eg nesten at eg jukse....)

1 kommentar:

  1. Fiiiiin krans☺
    Eg har den samma kransen som eg har hatt i mange år..ein eg kjøpte på Plantasjen. Syns den er fin, men kunne tenkt meg å lage ein eg og... Kanskje neste år hehe☺

    Kos dåke med baking og trekning☺

    Klem M♥

    SvarSlett