lørdag 30. oktober 2010

Så god som ny

 Då eg var 15 år, fekk eg ein 5-arma messing lysestake til jul. Og eg var sååååå nøgd. Så heima på jenterommet vart da kveikt ljos mang ein kveld. Og så vart den gløymt.

Heilt til eg har fulgt med Marny Alice, med den inspirerande og flotte bloggen Kalas Mystiske Hjørne, og hennas fornying av messing.
 Så då var det å leite staken fram att, og spraymale den. Eg hadde ein boks med sølvspray, og sette i gang. Eg er målaus.
 Eg er verkeleg inni ein "sølv-periode" no. Raudt og sølv er mine julefargar. Det har det vore dei siste åra, og eg trur ikkje det vert mindre i år.
Men etter at eg tok eit raskt overblikk på dei 6 kassane eg har med julepynt, kunne eg ta mannen i handa og love han at eg ikkje skulle kjøpe noko ny julepynt i år. Og det skal eg halde.
Men ingen har sagt at eg ikkje kan lage julepynt......følg med i morgon. "Då kjem siste nytt frå syrommet!"

Så medan de nyt synet av min "nye" lysestake, seier eg god laurdagskveld. Eg kryssar fingrane for at vi ikkje må opp i 5-6 tida i morgon.

HUSK Å STILLE KLOKKA EIN TIME TILBAKE I NATT!!

1 kommentar:

  1. Å den vart knallfin!☺
    Og so kjekt eg EG kunne inspirere deg☺☺ Sånt varmar eit hjerte i Sunnfjord☺☺
    Sølv er veldig fint til jul...kanskje eg må spraye litt sølv eg og☺

    Takk for fine ord om skatollet mitt☺☺

    Håpe du får ein strålande lørdag☺

    Klem M♥

    SvarSlett