søndag 31. oktober 2010

Dette er ikkje eit juleinnlegg...



..men ikkje langt i frå.



Dette er siste nytt frå syrommet. Raud polkadott oppbevaringskorg til meg sjølv, og då måtte eg jo ta med dei nye krus frå Green Gate. Dei kjøpte eg til halv pris hos Stemning. No har eg 4 stykker. Passelig da. Eg har kjøpt raud polkadott voksduk hos Stoff og Stil. Det er den samme som på korga.


 I tillegg har eg ein forkjærlighet for hjerter. Det kjem til å vere ein del stoff hjerter rundt om her i tida fram til jul. Og kanskje nokon havnar under treet??
Eg kjem ikkje til å avbilde ting eg skal gje vekk i gåver her på bloggen. Det som vert avbilda her, skal eg ha sjølv. Men eg skal ikkje legge skjul på at andre fargar og utformingar kjem til å vere tema i år!

No skal eg pakke desse tinga vekk, og ikkje ta dei fram før 1.desember. Då skal det pyntast. Eg elskar førjulstida, og nyt tida frå 1.-24.desember mest. Eg har mange planar frametter!

Vi våkna kl 05,45 som frykta i dag. Men det går fint! No skal vi ut og lufte oss.


1 kommentar:

  1. Flink du er☺
    Fine ting!
    Og koseleg med heimelaga ting i juletida☺

    Eg fekk sove leeenge idag-stod opp kl 11, etter frukost på senga☺ Elias stod opp halv åtte so var ikkje so gale det til tross for at klokka var stilt.

    Klem M♥

    SvarSlett