onsdag 8. september 2010

Barcelona 2

Her er damene klar for buss-sightseeing. Men turkise øyraproppar, solkrem på skuldrane og kamera klart, ja då var vi i gang! 

Her er eit av Barcelona-arkitekten Antoni Gaudí sine byggverk.

Ved La Sagrada Familia gjekk vi av bussen, for å studere den litt nøyare. Dette er Gaudi sitt livsverk. Denne kyrkja byrja dei å bygge på 1800 talet, og det held dei på med enda....og det som overraska oss mest, var at den ikkje er teken i bruk enda...det er den faktisk ikkje klar til.... Eit imponerande verk.

Her er 5 av 7 som var med på turen. Ein fantastisk veninnegjeng å reise på tur med!


Her er dag to på busstur. Då tok vi den raude ruta!! 


Her speler FC Barcelona sine heimekampar. Til neste år blir da kanskje tur her, saman med mannane???
Fantastisk by rett og slett.

Detta var litt skummelt...vi tok nemlig denne "glass-gondolen" ned til stranda. Fekk fantastisk utsikt, og rimelig med luft i håret. Vi hang nemlig bare i ein veier over byen.....For å ikkje tenka på kva vi faktisk gjorde, så snakka vi jamnt og trutt! Og ettermiddagen, kvelden og nesten natta vart tilbrakt på stranda. Fantastisk strand, varmt vatn i havet og god drikka i strandbaren!!

Og i bakgrunnen her, kan de sjå Fru Steffensen sin båt, som for tida er på oppgradering i Barcelona!

1 kommentar:

  1. Å det ser so fint ut der!! Kanskje eg må ta turen til Barcelona..☺
    Ser ut som ein fantastisk jentetur vertfall☺

    Klem M♥

    SvarSlett