fredag 26. oktober 2012

Arvegods


Dritstilig arvegods.
Heldige meg "vant" loddtrekninga.





Denne hjulvispen har besto mi laga mykje vaniljesaus med.


Mange minner.


Viktig at slike flotte ting ikkje vert gømt vekk.
Verdien er nok stor for meg,
sidan det kjem frå huset til mine besteforeldre.
Tanken på at dei har brukt desse tinga,
gjer meg klump i halsen.
Eg kjenner meg heldig som får ta vare på desse minna.

No er det endeleg helg,
og jammen er ikkje snøen komt.

Eg har ein arm å strikka.....




onsdag 24. oktober 2012

Party i kveld


I kveld kjem mi veldig gode veninne,
Hilde, og skal halde Perfect Home part hos meg.


For dei interiørintresserte er her mykje fint å velge mellom.


Desse kulene står på ynskjelista mi.


Denne vasen og...


Har du lyst å ha party, og bur i Kvinnherad-Odda området,
synst eg du skal ta kontakt med Hilde på tlf 97556034.

Gå og inn på perfecthome.no og sjå utvalget!!

Alle bildene har eg lånt frå facebook-sida deira.







mandag 22. oktober 2012

DIY - bruk naturen


I vår kom eg over ei bjørk som det hadde løsna ein del never frå.
Eg reiv det av, og fekk med meg eit stort stykke og i
 sommar har det lege i garasjen og tørka.
Visste ikkje heilt kva eg skulle bruke det til.



Eg har gjort det så enkelt som at eg tok det rundt eit 
syltetøy glas etc, surra grov hyssing rundt for å feste det på.
Oppi putta eg nokre kongler eg tok med meg frå huset Diana bur i no.


Synst da blei bra, eg!
Omtrent gratis pynt.



Ved sida av ligg ei mosegrodd grein eg fann på tur til høgåsen.
Dryssar litt av desse "naturlege" tinga eg dreg i hus, men men


I går trente eg og gjorde husarbeid.
I dag skal eg strikka ferdig sokkane til Wilma,
for ho er vel på vei no??

ha ein fin fin måndag.
Eg har ein date med Asbjørn Brekke seinare.

søndag 21. oktober 2012

Søndagstrikk


Søndagstemning i heimen i dag.
Vi har vore til Høgåsen og skrive oss i boka...
(eller junior skreiv oss i boka, så eg er ikkje hundre prosent sikker.)
Eg har teke bilder til 4 blogginnlegg i godt dagslys.
Gled dåke!


Kastanjenøttene eg fann i baronihagen for 2-3 år sidan.
Lagrar dei berre frå år til år, og tar dei fram når det haustar.

Paiform med lysastakar og arvegodts i, fungerer fint!
Trudde eg var så lur som hadde komt på da heilt av meg sjølv....
så kom eg til ho i baronivegen og såg at ho hadde da samma...
Lika lure vi to.


Frå gamalt av vart det sagt at ein skulle ikkje gjere handarbeid om søndagen.
Det skulle straffa seg, og ein måtte ta alt oppatt.
Eg tek sjangsen.
Har berre armane att no,
så blir det ny gensar på meg.

Ventar kaffigjester seinare,
tenkje dei gler seg!

lørdag 20. oktober 2012

Dagen derpå...


....er ikkje så aller verst.

Var i bursdag til ei veldig god veninna i går.
Skulle nesten ha vist dåke bilder frå det flotte bordet ho hadde pnta til vi kom.
Det var kjempefint med flotte haustfargar og enkel, lekker pynt!


Vi er ein flott vennegjeng, som ler mykje saman. Når vi er samla,
er det bare å ha på vannfast mascara, for vi ler så tårene trillar.

Kor mange år vi har vore samme "gjengen" veit eg ikkje, men 10-15 år er det vel blitt no. 
Fleire har komme til, og ingen har flytta etc, så vi er ganske stabile.
Vi har delt både sorger og gleder oppgjennom,
og eg kunne ikkje vore den eg er i dag utan!
-Takk-

Så til give awayen:

Så flott at så mange er med!!
Har du ikkje teke lodd enda, kan du forsatt gjere det ved å gå inn her




torsdag 18. oktober 2012

Eat pray love


To innlegg på ein kveld,
"no e ho i seget!"


I går var eg innom 
Jordbærpiken  sin blogg. 
Ho hadde lagt ut denne
"posteren" vi kunne printe ut sjølv.
Veldig fin!

Med gips og maling i huset, har eg brukt ein del av dei flotte tapàne
eg har kjøpt. Det er jo så lett å klistre opp
- og ta vekk igjen når eg er lei.



No heng den på veggen med klokka,
 sånn at eg er sikker på at eg ser den heile dagen.


Finaste kjøkkenet, med dei finaste lampane!

Ha ha ha, du trudde at eg alltid har så ryddig kjøkken, du! 

Ha ein regnfull og forblåst torsdag!
- da e da iallefall her -

Makramering


Kven hugsar vel ikkje formingstimane på skulen?
Der vi lærte å makramere!


Tanto mi har gått på makrameringskurs, ho faktisk! 
Der laga ho denne ugla.
Eg fekk den, då vi skulle dele minna etter besto mi.


Fin?


Både denne ugla og andre ugler,
eg kan nesten ikkje få nok.
Men kvar skal den henge?
Eg trur eg må tenke litt på det.