onsdag 29. juli 2009

Madonna!!

Då var eg klar til å reisa te Oslo, Valle Hovin og Madonna! Gler meg sjukt! Har lagt masse Madonna-musikk på Mp3 spelaren, som skal koblast opp på anlegget til Reidunn når 4 jenter tar ut! Ska komma med referat etterpå! God helg alle saman!

Bildet har eg "lånt" fra Vg Nett frå konserten Madonna hadde tysdag!!

mandag 27. juli 2009

Safting


I dag stod safting på programmet. Eg er så heldig å ha ei mamma med masse bær-buskar. Så då får eg lov å plukka så mykje eg vil, og som god husmor eg er, så saftar og syltar eg. Frysen er stappfull av syltety, jordbær og bringebær. Og no kjeme safto oppi og.
Eg blanda rips og bringebær. Safta frys eg. Då slepp eg konserveringsmiddel, og den smakar ferskare når vi tar den opp. Held seg ikkje så lenge etter at den er tint, men den blir fort oppdrukken likavel...

Saftkokaren stod igjen når mannen kjøpte huset, og ingen har sakna den. Så no er den Fru Hus Hansen si !


lørdag 25. juli 2009

Ferien 2009

Sånn enda ferien vår sommaren 2009. Vi kom heim frå Kristiansand på lørdags kvelden. Tysdag kveld, datt Tarzan ner frå klatrestativet. Legevakt på tysdag kveld, vil avvente og sjå den an....Lege på onsdag, vil avvente og sjå den an... På fredag ringte ho mor og krevde røntgen. Joda. Leggbeinet var knekt. Så då var det på med gips i 4 veker. Så no går da i legobygging (for ein gong skuld, får pappen og sitta og leika heile dagen!!) og litt tv. Så sånn blei denne ferien. Og da e vel den vi kjeme te å huska best...

Jammen bra at vi hadde ei knall veka i Stavanger og Kristiansand med mange gode ferieminner!

Så mens gutane bygger lego, og prinsesso søv. Ja, då testar mor ut den nye Kenwood Major Premier kjøkkenmaskina si!! Resultaten kjem seinare :-))













onsdag 22. juli 2009

Siste kapittel

Her kjeme føreløbi siste kapittel om bryllaupet. Eg har mange bilder til eg gjerne skulle ha vist, men ein plass må eg vel sei stopp. Så då avsluttar eg denne rekka frå bryllaupet, med å vise bilder av våre gode forloverar. Mi beste veninne gjorde ein aldeles strålande jobb, og eg kunne ikkje funne nokon betre. Eit fantastisk utdrikkingslag, og full oppbakking heile bryllaupsdagen, og avslutta med ein morosam og stilfult framført tale. Tusen takk :-)







søndag 19. juli 2009

Ein månad sidan..

At det er ein månad sidan dette skjedde, er uverkeleg...Tida går så alt for fort. Bildene hadde vi med på ferie, sånn at vi kunne sjå korti vi ville. Og eg blir bare meir og meir nøgd. Og eg kjeme te å anbefala fotografen te alle. Da einaste eg saknar pittelitt, e meir bilder der både eg og mannen ser rett i kamera og smiler, begge to...Men eg har å ta av likavel. Vil vise litt av resten av familien no...






søndag 12. juli 2009