mandag 16. februar 2009

Ønskeliste

No har vi laga ei ønskeliste til bryllaupet. Den ser du ved sida av her->
Lurt?? Eg trur vi må endre på kven vi har som it-sjef..eller kva, Anne Tone??

Vel vel, bare 4 mnd igjen no...

lørdag 14. februar 2009

Invitasjonar fullført!!

I går kveld, etter eit betre måltid (Takk, Anne Tone og Oddbjørn!)vart invitasjonae og monogram ferdige!! Og resultatet vart VELDI bra, om eg ska sei da sjølv!! Så no må vi få dei trykte, ferdig gjestelisto.....(alltid endringar der, men no må den gjerast ferdig....kunne sikkert hatt 200, men da e da kje plass te likavel :-( og få dei ut til alle dei som ventar!! Ha ha, som om ikkje eg nesten har fortalt te alle, kem som ska komma!!!Vel, vel. Og når invitasjonane er sendt ut, skal eg legga ut monogrammet på bloggen!

lørdag 7. februar 2009

Utdrikkingslag

I går, på klubb, spurte Reidunn meg om eg kunne gjenta dansen frå hennar utdrikkingslag....( For dei som ikkje opplevde den, dei gjekk glipp av noko stort!!) Men eg svarte at den skulle eg spara til mitt utdrikkingslag.. Då sa ho med glimt i auga: " Trur du da blir nåke utdrikkingslag då?" Ja, da håpe eg virkeli at da blir. For med ein gjeng så supre veninner, som eg alltid har da så gøy me, vil eg gjerne bli drukken ut!!

onsdag 4. februar 2009

Gåvesjekk

Vi ynskjer oss pengar til bryllaupet. Eg veit ( diverre) at mange ikkje likar å gje pengar, men heller vil at det skal vere ein ting som vi har etterpå. Problemet er berre det at vi er passert 30, er godt etablerte og difor har det meste vi treng. Vi ynskjer oss heller større ting, som kostar meir enn det folk skal gi oss. Difor ynskjer vi oss pengar, slik at vi kan spare/ samle til desse tinga! Har fått eit tips frå ei nygift om å ynskje oss GÅVESJEKKAR (slike ein får i banken) som ikkje er låst til ein spesiell butikk eller kjede. Dette for at ein då er friare til å kjøpe noko ein ynskjer seg der ein sjølv vil!

mandag 2. februar 2009

Monogram

Anne Tone har fritidsproblem( he he he!!) og sitte og putlar på med monogram for oss. Eg e bare SÅ utruli gla for at ho gjere da, for eg kjeme meg jo aldri i gang... Så no blir da gong på da!

Speilrefleks kamera

Vi ynskjer oss speilrefleks kamera. Vi er anbefalt Canon EOS 450 d. Dette kamera kjem svært godt ut i test og. Det varierer i pris rundt omkring, men pengar eller gåvekort øyremerka dette, er høgt oppe på lista vår!

Samstundes skriv eg at vi og ynskjer oss fotokurs som vi kan lære oss å bruke kamera skikkeli!

onsdag 28. januar 2009

Brev frå presten

Brev frå presten idag! Fekk iallefall bekrefta at dato og klokkeslett e booka rett. LØRDAG 20. JUNI KL 15.00 skal det skje. Men jammen e da nåken skjema og greie som skal fyllast ut og. E kje bare bare å gifta seg...he he he... Men da e vel da minsta problemet. Kjenne endo vondt i magen med tanke på at kyrkjedørene ska opna seg og alle snu seg for å sjå på MEG, WÆÆÆÆ