søndag 24. mars 2013

Alt er ikkje bare svart-kvitt....


For no har eg pakka vekk noko av det svart-kvite,
 og det er svart-gult som gjeld.

Det er jo PÅSKE!!


Gule ranunkler i svart vase, 
skikkelig lekkert.


Desse svarte vasane kjøpte eg på halv pris.
Passa perfekt her hos meg.
Eg digge å gjera sånne kupp.
Svart og kvitt er ypperlige utgangspunkt,
 og sjå kor tøft det er å kombinere med gult.


Dette bildet vart veldig kult.

Eg bruker framleis vanleg kompakt kamera for tida.
Litt med og litt utan blitz.
Bilda redigerer eg i PhotoScape.
PhotoScape er gratis å laste ned, og veldig enkelt i bruk.
Tusen takk til Diana med bloggen MyDream for gode tips og rettleiing med det.

I dag har vi stort sett vore ute heile dagen, sol og fantastisk vær.
Mannen og ungane har laga slengdisser i skogen.
No har vi teke sklibanen med og laga til eit kjekt leikeområde der;
"Tarzanhula"

Eg må vere Jane, der eg slenge meg utfor.
Sug i magen og kjempegøy.




fredag 22. mars 2013

Litt hagesenter


Ranunkler

I dag opna BoGrønt Fredheim sitt hagesenter for sesongen.


Det er så kjekt å opne eit hagesenter med så mykje flotte varer.
Er heilt sikker på at ALLE kan finne noko å like her.
Kva med spreke potter i plast frå Ehlo?
Klikk her for å sjå kva anna fint Ehlo har.
10 års fargegaranti.


Eg "må bare, bare må ha" dei rosa!



Potter i "kakelert" glasur, 
i mange flotte fargar og størrelsar.


Sjekk kassane då!! Grå trekassar med svart netting i bunnen.

Du kan bruke dei både inne og ute.


Eller kva med eit "drivhus" på terassen??
Perfekt til tomatplanter med meir.


Cafè- bord med betong plate og bondesjakk ruter.
Her får du og med bondesjakk brikker i pose.


"Hengeselje" med gåsungar.


Steinfigurar til å ha i hagen.
Dei er så naturtru at ein skulle nesten tru dei var ekte.

Håpar desse bilda kan gje meirsmak til å ta turen oppom oss. 

Opningstider no er:

Måndag til fredag kl 10-16.30
Laurdag kl 10-15

( Innelgget er ikkje sponsa)


onsdag 20. mars 2013

Vis meg ditt....


BoligPluss har ei utfordring gåande, som heitter " Vis meg ditt..... Sist var det spisetove, 
no er det soverom.

Eg har meldt meg på med dette bildet.


Eg skal få lagt ut ein "stemmeknapp", sånn at du kan stemme på meg viss du vil.
Det er mangle flotte soverom der, klikk her for å sjå alle dei flotte bidraga.

Og ja, eg vert sjølvsagt veldig glad viss du vil stemme på meg!


Det er ikkje dagleg at senga ser sånn ut.
Mannen synst det såg så romantisk ut, at han lurte på om eg pønska på noko...

No ventar sofaen på meg....Grey's frå i går og "spikermatta" er klar.

Fin kveld til deg.





søndag 17. mars 2013

Berre blåbær


Antioksidantar er bra for kroppen


Antioksidantar gjer kule bilder


Blåbær i vatn


Leika meg litt med kamera i dagmorges.
Blåbær i vatn gav så kule motiv.
Godt er det og.


Fargerik, sunn og god start på dagen.

Men etter komlemiddag kjem eg ikkje til å verte svolten før langt utpå dagen i morgon....

Vil ønske alle ei fin ny veke.


Speletid


Etter ein aktiv dag både ute og inne i går, tar vi det roleg i dag.
Det bles ute og eg kjenner det er godt å roe litt ner.
Familien vår er ikkje så gode på å ikkje ha planar og aktivisere oss sjølve...
(les; ungane)
Det blir mykje spørsmål om tv-film-speling etc.
Det er difor mykje opp til oss vaksne korleis desse dagane vert...

Til bursdagen fekk tullemor
Hakkebakkeskogen-spelet.

Vi fann fram boka og begge ungane likar den godt.


Spelet er veldig kjekt, og passa for alle i familien.



Pass deg for reven....


....viss ikkje du har dobbelpepra-pepperkaker...

.....då nys han    aaaaattttsssjjjooooo

og kan ikkje ta kaker av deg.


Papsen må legga vekk pc og spela,
for han kan ikkje motstå sjarmen til vetlajento!

No står komlo på kok.
Foreldra mine kjem på middag, etter heimkomst frå varmare strøk.
Eg gler meg til taxfree-posen!

lørdag 16. mars 2013

Nytt møter gammalt


Nytt møter gammalt, eller motsatt.

For ein skjønnhet.
Stua vekk i ein krok.

Ingen såg skjønnheten i denne.

Eg er forelska....igjen....


Detaljar.



Ny ugle frå eit hagesenter som opnar snart.


Finaste Wik & Walsøe lysastakane, 
blir bare meir og meir glad i dei.



Så vart kroken ny igjen! 
Love it!

Med auga for å sjå skjønnhet i slike gamle, vekk gløymte ting, har eg fått med tida.
Eg er glad eg har endra meg.
Ting eg har fått tilbod om å få/arve og takka nei til,
har eg bedt på mine kne om å få no.

Likar godt å setje saman nye og gamle ting, 
det vert så bra!!

Ugle frå BoGrønt Hagesenter.
Lykt frå Perfect Home.
Lysestakar frå Wik&Walsøe kjøpt hos Fredheim Blomster.

Dette innlegget er ikkje sponsa i det heile.

Laurdag og helg.
Har gjort klar grillpølser og ski,
vi skal til Fjellhaugen Skisenter og nyta dagen!

Fin fin laurdag til dåke alle.



onsdag 13. mars 2013

Onsdag


Sola skin ute, men det er kaldt om dagane.
Eg jobbe frå tidleg til seint med å klargjere hagesenteret for sesongopning.
Knallgøy!


Med finaste Omaggio vil eg ønska dåke alle ein fin onsdag.
Eg skal på klubb med dei finaste damene.
Det er som eg seier til ungane:
"På klubb er det bare mamm'er, 
vi snakkar mykje,
vi ler mykje,
og vi ler høgt!"

Eg gler meg!