For no har eg pakka vekk noko av det svart-kvite,
og det er svart-gult som gjeld.
Det er jo PÅSKE!!
Gule ranunkler i svart vase,
skikkelig lekkert.
Desse svarte vasane kjøpte eg på halv pris.
Passa perfekt her hos meg.
Eg digge å gjera sånne kupp.
Svart og kvitt er ypperlige utgangspunkt,
og sjå kor tøft det er å kombinere med gult.
Dette bildet vart veldig kult.
Eg bruker framleis vanleg kompakt kamera for tida.
Litt med og litt utan blitz.
Bilda redigerer eg i PhotoScape.
PhotoScape er gratis å laste ned, og veldig enkelt i bruk.
Tusen takk til Diana med bloggen MyDream for gode tips og rettleiing med det.
I dag har vi stort sett vore ute heile dagen, sol og fantastisk vær.
Mannen og ungane har laga slengdisser i skogen.
No har vi teke sklibanen med og laga til eit kjekt leikeområde der;
"Tarzanhula"
Eg må vere Jane, der eg slenge meg utfor.
Sug i magen og kjempegøy.
