lørdag 14. januar 2012

Nymalt


Stovo/kjøkken, soveromma og kjellarstova er ferdigmalt.




Gustuviansk Blå på eine veggen til tullemor sitt rom.
( Ho ynskte blått rom, og kompromiet vart ein vegg. Ho godtok mitt fargevalg, som var denne!)



Jotun dempet sort på junior sin vegg, Her kjem sjakkruta golv, som kjem til å bli veldig stili.


Grå vegg på våras rom, fargen Jotun Valmuefrø.


Kvit matt lakka Ask, ein stavs til stove og kjøkken. ( 3 stavs i kjellarstove og soverom)

Golvet kom i går, lever med gravemaskin sidan vegen ikkje er ferdig. Men grunnen til at der er gravemaskin, er faktisk at dei jobbar med saka!

tirsdag 10. januar 2012

Saaaalg


Jupp, eg brukte lunsjen på salg i dag.

Dette ullsettet frå Kari Traa til halv pris?? Ja, sånt kan ho mor lika!

det skjer noko med meg når eg høyrer ordet salg. Uro i kroppen, eit sug, "må ha det, bare må ha det"!! Og etterpå kjenner eg ein lukkefølelse så stor og god. 

Og det var eit salg med gode avslag på Sport 1 på Husnes i dag. Lite folk og god service, og då handlar ho mor meir, rett og slett.

Men som mannen seie; det er alltid eit salg. sånn er det i dag. Før i tida var det salg to gange i året, eit nyttårsalg, og eit haustsalg. No e da heila tio. Kjekt for meg da!

Eg trener om dagane....på boden...på den nye elipsemaskina mi :-)


mandag 9. januar 2012

Beste butikk


I dag vil eg oppfordre til å stemme på den, de meinar er beste butikk i Kvinnherad. 

Mi stemme går til  Bente på Rosendal Bokhandlar. 

Her får du alt du treng av bøker, spel, pennar og papir. Eg kjem sjeldan tomhendt ut derfrå. Og det ho ikkje har inne, ja det skaffar ho på rekordtid.

Klikk her for å stemme.

torsdag 5. januar 2012

Lampen min






Mannen er komt heim. Lykke bare det. Men då han bad meg hente eine lampen min, så han kunne montere den...ja, då var det komplett lykke!

Den blir bare finare og finare. 

Og eg har to!

onsdag 4. januar 2012

Signe hjemme


Signe Shcineller har kjøpt seg hus i Rosendal. Ho har starta ei omfattande oppussing, som etter planen skal vere ferdig i februar.

Signe er kjent som interiørstylist og inspirator, og ho er jamnleg i God Morgon Noreg på Tv2, Sinnasnekkaren etc. Ho har hatt fleire føredrag på Rosendal Turisthotell, og inspirert mange av butikkane i Kvinnherad.

Du kan sjå den nye bloggen hennas "Signe hjemme" eller ReSignert. 

tirsdag 3. januar 2012

Fort gjort


Sio ikkje eg fekk den til jul, så kjøpte eg den sjølv. Lettvint med nettbutikk.


søndag 1. januar 2012

Godt det er ein ende på alt


pepperkakehuset er knust
julapynten er vekke
julablomane skal reise til Sim i morgon
pepperkakene er oppetne
pappen kjeme heim på onsdag
Så då er denne jula definitivt over



Ivrige når det skulle pyntast, og ivrige når det skulle knusast!


Pipo er den viktigaste, visstnok.

Det nye året er godt i gang. Dette året SKAL bli bedre enn den forrige. Alt skal ordne seg dette året. Vi skal flytte for siste gang. Ungane skal få plass til å leike igjen. Eg skal få ha symaskina framme til nye prosjekt med den. Elipsemaskina eg har kjøpt skal gå varm i år, og nye joggesko skal kjøpast inn igjen... (Julakiloane er på plass rundt magen, tradisjonen tru)

Men best av alt, er at eg og mannen skal på ein etterlengta kjærleikstur til Paris i april!