søndag 1. januar 2012

Godt det er ein ende på alt


pepperkakehuset er knust
julapynten er vekke
julablomane skal reise til Sim i morgon
pepperkakene er oppetne
pappen kjeme heim på onsdag
Så då er denne jula definitivt over



Ivrige når det skulle pyntast, og ivrige når det skulle knusast!


Pipo er den viktigaste, visstnok.

Det nye året er godt i gang. Dette året SKAL bli bedre enn den forrige. Alt skal ordne seg dette året. Vi skal flytte for siste gang. Ungane skal få plass til å leike igjen. Eg skal få ha symaskina framme til nye prosjekt med den. Elipsemaskina eg har kjøpt skal gå varm i år, og nye joggesko skal kjøpast inn igjen... (Julakiloane er på plass rundt magen, tradisjonen tru)

Men best av alt, er at eg og mannen skal på ein etterlengta kjærleikstur til Paris i april!

1 kommentar:

  1. etter å ha gjort opp status i dag e vel konklusjonen at no kan da bere gå ein vei-NED!!! på alle andre område i livet har eg stor tru på at detta blir eit bra år :)
    takk for ein kjekk kveld i går,fin avslutning på året <3

    SvarSlett