lørdag 1. oktober 2011

Og vinnarane er...


Her blei da trekt med andakt og augo igjen. 

Trekkeboksen er ein "cake"-boks eg fekk av ein god kollega då eg fekk meg ny jobb!!


Silje med bloggen Silje Solbakken vann fyrste ugla.


og han trekte ho ein gang til. 

Eg har valgt å trekke den andre ugla til ei ny, medan Silje skal få litt anna "snacks" i pakken i tillegg!


Den andre ugla vann Snill Pike.

Send meg adressa dykkar på: solveig.hus@gmail.com

Ny dag, nye muligheter


Det er lørdag, helg, sola skin og vi skal på fotballcup!


På mandag startar eg i ny jobb, med nye utfordringar. Gler meg.


fredag 30. september 2011

Eg gjer vekk to Uhu i morgon!!!


Det blir alltså to heldige vinnarar i morgon. 

Så hiv deg med, du og! 

Klikk her for å kommentere og ta lodd.

Dersom du ikkje får til å kommentere, send meg ein mail på solveig.hus@gmail.com, så skal du og få lodd!

søndag 25. september 2011

Ein ny venn


Uhu har fått seg ein ny venn!


"Må ha den, bare må ha den"


TineK t-lysestakar, endeleg fann eg dei!


Denna damo kosa seg VELDI saman med to gode veninner, på Interiørmessa i Grieghallen på lørdag. Der var så mykje fint. Tenk om eg kunne kjøpt sofaen frå Slettvoll, stolane til Eames + gyngestolen, lampar i fleng frå Louis Paulsen, ugla frå Menu og lysestakar. Ja, eg kan ramse opp i fleng... drøyme kan eg iallefall.


fredag 23. september 2011

Innflyttingspresang


Sidan eg måtte vere heime med ein sjuk junior, kunne eg jo utnytte tida litt! 

Tørka støv av symaskina og sette i gang. Eg fekk to dynetrekk av mamma i sommar, som eg hugsar frå eigen barndom. 

Eg har lova Fru Falk at dei skal få puter av meg i innflyttingspresang. Ho utrykte at ho kunne tenke seg nokon i sterke fargar, gjerne litt retro...ja, då hadde eg dei klare i hovudet!


Eg synst dei blei dritkule, rett og slett.


Denne helga skal eg på interiørmesse i Bergen, Eg har fått med meg to veninner, så det blir ein skikkeleg jentetur med jenter, latter og sang...eller noko deromkring. Gler meg.

torsdag 22. september 2011

Så fort kan da snu


Frå kul "rocke-gut" om morgonen


til febersjuk gut om kvelden. Ja, så fort kan da snu.

I måro må mammo vera heima. Trur vi skal ein tur til doktoren, fryktar ein halsbetennelse.
Mammahjarta har det vondt.

Så får nye utfordringar vente til over helga. 


søndag 18. september 2011

Vinnarlukke og søndagskos


Etter ein fantastisk deilig tur til Kvitegga, og ein lang dusj, sette eg meg ned med VG som vert "levert" på døra. Kakao med marshmallows har eg fortjent no.

Då eg slo på Pc-en oppdaga eg at eg har vunne eit års abonnement på Vakre Hjem og Interiør på bloggen  "Anetteshus".


No skal eg setje MP3 på høgt volum og ta til med litt husarbeid. Mann og barn er på fotballcup, og eg har nokre timar for meg sjølv!!