I dag kjente eg på at eg var klar for litt baking etter gamalt..*ler*. Det høyres vel litt rart ut, når eg presenterer kakeoppskrifter på rekke og rad! Men ville ha litt nytt i matboksen rett og slett.
På Spar har dei med jamne mellomrom 10 kroners tilbud. Då har dei med ein pakke med 4-korn brød (den har og med gjær på toppen). Eg pleier kjøpe inn nokre sånne pakkar, og så baker eg rundstykker/baguettar/brød etc av dei. Så enkelt kan det gjerast. I dag hadde eg ingenting ekstra i heller.
Eg brukte to pakkar i dag. Då fekk eg 10 baguettar, to "suppe-brød" ( smale langbrød, som eg skjere opp i skiver, og som vi har ved sida av supper) og 12 rundstykker.
I morgon vil nista mi på jobb sjå sånn ca sånn ut!! Enkelt, sunt og godt!
No har eg eit par timar med tv forann med....med strikketøy, levande lys og noko godt i glaset!
Ha ein fin onsdagskveld alle saman!