lørdag 17. januar 2015

Vinter, litt lite fargar og sånt

Det snør det snør,
på ein måte...

Våkna opp til 5 cm slaps på trappo i dag.
Godt vi kan vere inne og kosa oss på ein laurdag,
og venta på at sola skal komme.
For den kjem i morgon,seier dei...


Detaljar er viktige,
og på String-hylla mi blir
detaljane skifta ut ofte.

BO-BO har funne sin plass,
men byrjar bli litt sliten i eine armen.




Litt sånn nedante og oppover.
Flott lys sånn ca kl 14.30.

Ikkje for mykje av det lyset om dagane.


Amaryllisen frå jula kjem no fram med knupp nr 3,
og skapar ein flott fargeklatt på kjøkkenet.

Eg er jo eigentleg veldig glad i fargar,
men likevel er interiøret mitt 
litt svart-kvitt-grått.
Rart det der.

Den igjenspeglar seg faktisk i mykje meir og,
då vi har ein svart og ein kvit bil...

No ler eg litt...

Og når eg ser ut på jakker og sko i gangen,
er det jammen mykje svart der og...

Eg piffar stort sett opp antrekket med litt fargeklattar,
og då mykje råsa.
Råsa Michael Kors veska er favoritten
ilag med råsa skjerf,

mange skjerf.

Ikkje på ein gang, men eg har sikkert...
nei, tør ikkje telle.

Men eg eg ganske fornøyd med rosafargane som er "IN" 
interiørmessig.




Så saman med nokre raude fargeklattar,
og fargerike blomar,
kjenner eg det friskar opp 
dei heller ganske så fargelause månadane vi er inne i no.

Januar og februar 
er ikkje noko fargeklattar på
årshjulet.

Nei, då ser vi heller fram mot mars og april,
når fargane i naturen kjem fram.

No skal laurdagskvelden nytast,
med Spellemannsprisen og Mesternes mester,
og sjølvsagt 

skumnissar



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar