Jentetur til Bergen.
Tapas på Escalon.
Mojito på Friday`s.
Hotellfrukost.
Shopping.
Bolig- og interiørmessa.
Latter og glede.
I lang tid har eg gleda meg til å reise til Bergen for tredje gang,
og gå på Bolig- og interiørmessa i Grieghallen.
Messa er stor, som ein stor snopebutikk for oss interiørinteresserte.
Og der var mange butikkar.
Kvifor vart eg likevel litt skuffa?
Fleire av butikkane eg hadde tenkt å besøke, mangla.
Lite lampar, tepper, stolar,
ja, litt sånn anna enn Kâhler og Bloomingville.
Litt mykje golv og maling denne gangen.
Den delen av messa som er som eit stort blogg-treff,
trur eg er årets happening for bloggarane.
Eg såg mange av bloggarane eg følger både på blogg og Instagram.
Det såg ut som dei kosa seg veldig.
Eg deltok ikkje på dette, og angrar ikkje på det.
Vi var 4 gode veninner som var på jentetur,
og ALT som ein jentetur er,
var inkludert.
Alle forventningar vart innfridde.
Tusen takk for turen, jenter,
eg har kosa meg masse.
Julepyntinga mi kjem til å ha tre som tema i år.
Tre i alle fasongar.
Er klar!!
Dette treet kjøpte eg på messa i Grieghallen.
Butikken heitte Florentes Paradis.
Godt å vere heime igjen og.
Søndagsfrukost med familien og kaffi i sofaen.
Den beste og finaste sofaen sjølvsagt.
Fin fin søndag til deg.
SÅ GØY
SvarSlettHÅPER JEG FÅR REIST TIL NESTE ÅR
FINE BILDER DU TAR
NYT DAGEN
KLEM ELI:)
Å, så kjekt d hørtes ut med jentetur. Berre ordet tur høyres heilt himmelsk ut, me har lagt turane på hylla under husbygginga. Gleder meg til å koma i hus, slik at me kan reisa litt igjen :)
SvarSlettfin søndag til deg!
Det høres ut som en fin tur! Herlig tid nå med små juleforberedelser :-)
SvarSlettNydelige bilder og ha en fin ny uke!
klem Vibeke
Hei:)
SvarSlettTakk for koselig kommentar hos meg! Så kjekt at du vil følge meg. Eg likar bloggen din godt, så eg blir følger hos deg og:)
Messa var flott og det var kjekt å vera med på bloggarrangementet, men eg er faktisk enig med deg at det mangla noko i år! Var meir små, spennande butikkar i fjor. Satsar på bedre lykke neste år:)
Bloggast! Klem Marianne:)