torsdag 4. april 2013

Ei skål, fleire mulighetar


Kanskje nokon kjenner igjen skåla eg brukte til adventstake i år.

Ei skål kan ha mange bruksområder.


Skåla kjøpte eg på loppis i haust for kr 10.
Trur eigentleg det er ein salatbolle.

Eg bruker kvit dekorstein i botnen, og dandere lys og ugler innimellom.

Dei kvite uglene er eigentleg salt- og pepper ugler, 
men det har aldri komme noko salt eller pepper i dei. 
Det er dei for fine til


Synst det vart ganske stiligt.


Ingen tvil om at ugler er flotte dyr,
kloke er dei og.

Eg har ikkje tal på alle uglene mine, 
og fleire er eg heilt sikker på at eg anskaffar meg.

I dag har eg vaska hus,
iallefall golva.
Ungane skulle hjelpa meg....

Det vart plutselig så stille...

Fann dei forann tv nede i kjellaren....

Ja, ja, det er greitt, så fekk eg og fred til å gjere meg ferdig!

Velkommen til nye følgarar,
håpar de vil like dykk her inne hos meg!

2 kommentarer:

  1. Dette ble jo kjempelekkert! Så fin måte å bruke salatskåla på;-) uglene er så fine! Hadde nå vært fine på middagsbordet med salt og pepper og! Den rosa voksduken var kjempe-knæsj! Jeg ønsker meg også en rosa duk på kjøkkenet nå..
    Nå må jeg legge meg og sove, for jeg skal grytidlig opp og reise til os i morgen!
    Ha en fin helg!

    Klem fra Hanne:-)

    SvarSlett
  2. SÅ KOPSELIGT PYNTA I SKÅLA
    GØY MED TIN SOM BRUKES TIL FORSJELLIGT
    KLEM ELI:)

    SvarSlett