søndag 15. desember 2013

Litt jul og vinnar av førjuls give awayen!


Dagen i dag har blitt brukt til rydding, baking og litt pynting.
Har og prøvt å ta litt heilhetsbilder i stova.

Raude element høyrer julepyntinga til hos oss


Juletreet eg har laga av washitape, har byrja å 
fyllast med julekort.
Vi har god plass til fleire!


I år har eg fullstendig roen når det gjeld jula,
den kjem uansett.
Eg har eit par gåver igjen å kjøpe,
nokon er ikkje pakka inn enda,
meeeen eg har god tid.
Eg har baka 3 sortar julekjeks, laga brente mandlar,
pikekyss, julebrød og risbollar,
så vi skal ikkje svelte heller...ler...


Er det rart mannen i huset kallar dette for "alteret" mitt??
Det er den plassen eg dillar og dallar mest med.

Juletre i mange ulike ( 9 faktisk) fasongar.



Små raude element her og,
og i løpet av veka kjem nissane fram og.
Eg klarar liksom ikkje ta nissane fram endo, 
dei kjem stort sett fram ei veka før jul.
Eg høyre dei skrapar på loftet, ropar om å få komme ner!!!


Så til slutt,
den heldige vinnaren av 
førjuls give awayen min.

Tamtamtamtam

Random.org har trekt ut lodd nr 46:

Evelyn Mehl Willumsen

Gratulera så mykje Evelyn!!

Premien skal komma til deg i god tid før jul!




8 kommentarer:

  1. Så lekkert du har det Solveig:)
    Gratulerer til vinneren:-)

    SvarSlett
  2. Du har det bare så fint:))
    Må ha rødt her og, selv om det holdt hardt i begynnelsen av desember;)
    Gleder meg til å se nissene dine og:))
    Klem fra Charlotte

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Charlotte! Eg er veldig fornøyd med huset vårt, kjekt å få det "sånn vi vil"!
      Joda, nissane kjem fram etterkvart. Eg er veldig lite nissete, men litt må vi ha!'

      Klem frå Solveig

      Slett
  3. Så kjekt å sjå litt oversiktsbilder frå deg Solveig! Det har jo bare fått et så fantastisk flott hus!
    Her og e da litt rødt rundtomkring.. Passar godt ilag med alt det grå som er frå før.. Nissar har eg igrunn veldig lite av.. Men dei som er, kjem fram no når treet snart skal pyntast :)

    Kos deg med forberedelsane!
    Klem fra
    Kjersti

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg er ganske så fornøyd, men no har det sneke seg inn litt for mange "ting"...eg klare jo ikkje la vera å kjøpa!!!

      I år har eg kjøpt plastikktre frå perfect home, kan nesten ikkje venta med å ta da fram ;-)

      Klem frå Solveig

      Slett
  4. Veldig heldig hun som vant! Du har et nydelig hjem :)

    SvarSlett