tirsdag 26. februar 2013

Velkommen til oss


Velkommen til oss kjære Omaggio-bolle.

Du er hjarteleg velkommen!


Finaste bollen/skåla i heile huset, nett no.
Med fargesterke appelsiner frå Cevita,
kjenner eg på VÅRFØLELSEN!


Sola skin, snøen er vekke.
Ser at eg må plante litt snøklokke og krokus løkar til hausten,
det er eit så vakkert vårteikn.


Omaggioén er kjøpt på Ting i Bergen.
Eg fekk gåvekort der til jul, og no byrja det å "brenne i lomma".
Kjekt å handle, utan at det kostar noko!!

Eg og junior var på bytur i går.
Sofa og bord er bestilt -> OH LYKKE!
Bolia er ein fantastisk møbel og interiørbutikk,
som eg ikkje har vore innom før. Når eg kom inn og såg "sofaen min" var det bare: JA.
Samme med stoffet eg hadde valgt ut og bordet eg ønska meg.
Sofa og bord i farge Antracit. Passa perfekt saman.
Ta deg ein tur innom neste gang du er i Bergen eller andre stadar, eller kikk innom her.
Dette var ikkje siste gangen eg var innom der.

Litt meir snop i byposen vart det og, *smileblunkefjes*

Junior vart sjuk medan vi var i Bergen, feber og mykje vondt i kroppen. 
Det vart ein lang tur heim.....stakkar liten.
Koseturen vi hadde gledd oss til, vart ikkje heilt slik.
Vi skal gjere det på nytt.


6 kommentarer:

  1. Skåla e fantastisk fin, resten av tinga du har i same serie òg. Kjekt å glede seg til å få nytt i heimen.

    Stakkars liten på kosetur som ikkje vart da allikevel, masse god bedring te dåke.

    SvarSlett
  2. kul den der... likte dei små lysestakane aller best... ønske meg såååå slike....

    Ha en fin fin dag solveig.... :)

    Sjåast ette ferien :)

    Au revoir :)

    Klems Diana.

    SvarSlett
  3. Juhu Solveig! Fin skål! Passar perfekt hos deg:-D
    Men øve te viktigare ting; Robbie Williams og Stavanger; here we come!!!!!!

    -dronningo på Hovden-
    Hehehihi

    SvarSlett
  4. Knallstilig skål:-).
    Her e da avslapping på sofaen etter taco, og snart klar for "tid for hjem", gøy:-).
    Klems meg:-).

    SvarSlett
  5. Så fin bolle! På TIng har de mye fint ja, må alltid innom hvis jeg er i en by med den butikken :)
    Ingrid

    SvarSlett
  6. Knallfine....blir meir å meir glad i kähler.... I morgon skal eg ta med ei appelsin og nyta den ute i sola :)

    SvarSlett